Likesinna: På Fusa har eg funne eit eige lite miljø og har kunna diskutera mine interesser med likesinna som også har glede av det same.

KDA er ein stad der elevane kan vera seg sjølve og utfalda seg som den dei er

Linja gir deg fridom til å utfalda deg på den måten du ønskjer og er mest komfortabel med.

Det har vore ein del snakk den siste perioden om fylket sitt nye forslag om å leggja ned YSK (eller TAF som det også heiter) på Fusa vidaregåande skule. Dette kjem i samanheng med ein ny rapport som viser at det er for mange skuleplassar i forholdet til talet elevar i Vestland fylke.

Dette har blitt eit stort diskusjonsemne både i lokale medium og innad på skulen. Det folk ikkje bruker så mykje energi på derimot, er at i same forslag er det også planlagt å leggja ned KDA (kunst design og arkitektur) linja. Sjølv sit eg i elevrådet på skulen og når dei beskriv forslaget, er det «Kva skal vi gjera med forslaget om YSK?», ikkje: «Kva skal vi gjera med forslaget om YSK og KDA?». Sjølvsagt er YSK eit godt og viktig tilbod, men eg vil argumentera for at det same er KDA også. Mange av dei som går KDA er kanskje ikkje dei som liker å skrika høgast, og derfor høyrer vi lite om det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv går eg no dei siste to månadene av det siste året mitt på KDA-lina på Fusa vgs, og eg må vedgå at eg har utvikla eit godt forhold til både linja, skulen og Fusa i sin heilskap. Før eg starta på skule her, visste eg knapt kva Fusa var. I mine auge var det berre den staden vi av og til stoppa på veg heim frå Hardanger og den plassen med den 'forbanna ferja'. Det med ferja har ikkje endra seg stort, men mitt syn på Fusa har. Alt på grunn av KDA.

På ungdomsskulen fann eg aldri heilt min plass med resten. Eg har alltid vore ganske sær, det må eg vedgå, og det har gjort at eg sleit sosialt. Når det kom til å søkja skule, synest eg det var vanskeleg. Eg har alltid vore skuleflink i den grad at eg kunne koma meg inn på kva eg ville, men til tross for det, har eg aldri vore noko glad i skulen. Eg har aldri fungert godt i stramme rammer. Likevel var valet ganske enkelt.

Eg har alltid vore glad i det kreative, og sidan eg ikkje visste kva eg ville vidare, ønskte eg studiekompetanse. Ironisk nok stod valet for meg berre mellom YSK og KDA. Eg trong noko praktisk og frigjerande samtidig som eg fekk studiekompetansen som kunne hjelpa meg vidare. Sidan eg ikkje er god med stramme rammer, valde eg difor fort vekk YSK som krev litt disiplin.

På Fusa har eg funne eit eige lite miljø og har kunna diskutera mine interesser med likesinna som også har glede av det same. Vi har elevar frå Kvam, Kvinnherad, Os, Tysnes og til og med Bergen. Alle er komne her berre på grunn av KDA. Alle er komne her fordi dette ikkje berre er det beste alternativet, men også det einaste. Alle er her på grunn av ei samlande interesse, noko som skaper eit godt klassemiljø.

Skulen er liten og du endar opp med ein viss kjennskap til alle, enten du vil det eller ikkje. Linja gir deg fridom til å utfalda deg på den måten du ønskjer og er mest komfortabel med, men gir deg på same tid kunnskapen og kvalifikasjonane du treng for å studera vidare. Det er viktig å leggja vekt på at dette blir ei form for eit samlingspunkt for folk med særskilte interesser som gjerne ikkje passar like godt inn andre stader. Eg har lært mykje av mine medelevar.

Eg kunne gått langt inn i djupna på korleis dette forslaget vil bli negativt for skulen, som slik kjem til å mista sine største trekk-plaster. Eg kunne også gått i djupna på korleis dette vil påverka Eikelandsosen med tanke på at mange av elevane på akkurat YSK og KDA er dei som reiser langvegs frå og dermed bur på hybel. Det eg skal leggja litt vekt på derimot, er individet. For mange enkeltpersonar som ikkje passar heilt inn i samfunnets andre normer og system, er KDA ein stad der dei kan vera seg sjølve og utfalda seg som den dei er. Det er ein inkluderande og open arena som folk reiser langvegs frå for å ta del i. Byskulane som Årstad, som i teorien tilbyr det same tilbodet, er ikkje på langt nær det same. Du får eit tett forhold til lærarane og ei oppfølging som ikkje kan matchast av dei større skulane.

KDA er ikkje perfekt, langt i frå, ikkje Fusa vgs heller. Derimot, om eg skulle vald på nytt, hadde eg vald akkurat det same, fordi for meg, og for mange andre var og er det det beste alternativet.

Jonas Bratlund-Mæland