Skriv om konsekvensane: PwC-rapporten føreslår å avvikla kols-, diabetes- og kreftteama, samt tryggleikssjukepleiaren. No skriv dei som jobbar i teama om kva konsekvensane kan bli.

Kjære politikarar i Bjørnafjorden kommune!

Sjukepleiarar set fokus på kva konsekvensar nedtrekka i dei førebyggjande, helsefremjande og rehabiliterande tenestene får for innbyggjarane.

I kommunestyremøtet 26.januar vart de presentert for rapporten til PwC. Rapporten viser eit innsparingspotensiale innan helse og velferd på totalt 97,4 mill kroner. Det vil ramme alle tenestene innan denne sektoren. Ein sektor som i stor grad speglar grunnmuren i ein kommune – nemleg folkehelsa.

Eit verre tidspunkt å få presentert forslaga til nedtrekk kunne ein neppe ynskje seg. Både dokumentarane i NRK-programma «Brennpunkt» og «Debatten» med Fredrik Solvang den siste tida, har vist at ikkje alt er som det bør vera - ein mangler kompetanse, fagfolk, gode rutinar og god leiing både lokalt og sentralt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men ein sit likevel igjen med eit inntrykk av at dette gjeld alle andre, berre ikkje Bjørnafjorden kommune. I rapporten har ein samanlikna Bjørnafjorden kommune med andre kommunar som har lågare kostnad per innbyggar – det er «godt nok» for dei og då bør det vera «godt nok» for vår kommune, blir det sagt.

Som ansvarlege politikarar etterlyste de sjølvsagt konsekvensane av dei føreslåtte nedtrekka, men det var ikkje bestillinga frå kommunen til konsulentselskapet PwC. Vi ynskjer difor å gi nokre innspel på konsekvensar sett frå eit helsefremjande, førebyggjande og rehabiliterande perspektiv, men først vil vi minna om ein del faktaopplysningar:

Les også
Føreslår å kutta meir enn 30 årsverk ved sjukeheimane i kommunen
Les også
Tillitsvalt uttrykkjer sterk uro: – Korleis skal vi få dette til?

Tala tilsvarar ein vekst på 64 %!

Den største folkehelseutfordringa i framtida er auka tal eldre. (FHI 28.11.22)

Folkehelseinstituttet sin rapport peiker mellom anna på at det er viktig å planlegga helse- og velferdstenester med tanke på at sjukdomsbyrda blant dei aller eldste blir høgare enn i dag.

Vi bruker mest helsetenester i siste del av livet. Det vil seia, ei auka del av befolkninga vil leva med kroniske sjukdommar – det blir ei folkehelseutfordring.

I Bjørnafjorden kommune vil tal eldre 80 år + auka frå 980 personar i 2020 til vel 3.100 i 2050 – ei auke frå 3,8 % av befolkninga til 10,2 % i 2050.

I perioden frå 2022 til 2030 viser prognosen at Bjørnafjorden kommune får 650 fleire innbyggjarar som er 80 år +, tilsvarande ein vekst på 64 %!

Når det kjem til demenssjukdom ventar vi 100 fleire innbyggjarar med demens i 2025 enn i 2020. I 2030 har vi 229 fleire innbyggjarar (auke: 54 %) med demens vs. 2020. Mange av desse må ha helse- og omsorgstenester.

Artikkelen held fram under annonsen.

Førebyggjande, helsefremjande og rehabiliterande tenester vert desto viktigare for å ivareta innbyggarane på eit lågast mogleg omsorgsnivå. I motsett fall vil ein få auka etterspurnad på både helsetenester i heimen og på institusjonane. Det samsvarar ikkje så godt med nedtrekk og avvikling av stillingar slik ein no legg opp til.

Så vidt vi veit, ligg det ingen planar i nærmaste framtid om å bygga nye sjukeheimar, omsorg+ eller andre eldrebustader i Bjørnafjorden kommune.

Det er også på sin plass å presisera PwC-rapporten sitt fokus på manglande effekt av kvardagsrehabilitering. Rapporten har kun fokus på 37 brukarar av heimetenesta og den avgrensa innteninga der. Det er viktig å få fram at mange av brukarane som får kvardagsrehabilitering ikkje har heimetenester enno, og at tiltaket bidreg til å utsetja dette.

Les også
Kva vil kutt på nær 100 mill. gjera med helsetilbodet? Fleire politikarar uttrykkjer sterk uro

Helsefremming og rehabilitering

I rapporten til PwC er innsparingspotensialet for eininga Helsefremming og rehabilitering 6,9 millionar kroner. Det kan ein kun oppnå gjennom reduksjon av stillingar då eininga elles går i balanse. Rapporten foreslår at eininga Helsefremming og rehabilitering skal avviklast (er allereie avgjort og blir iverksett per 01.04.23) – det same gjeld for tenestene til tryggleikssjukepleiar, kols- diabetes - og kreftteam.

PwC foreslår også å avvikle kvardagsrehabilitering, men kommunedirektøren ynskjer denne tenesta vidareført, men bemanning redusert med 0,5 årsverk. Alle desse gir tilbod om førebyggjande, helsefremjande og rehabiliterande tenester til dei eldre innbyggjarane i kommunen.

Tenestene legg til rette for tidleg innsats i utvikling av sjukdom og sosiale problem, inkludert førebygging og tidleg intervensjon. Slik kan ein hindra ei negativ utvikling av helsetilstand, funksjonsevne og sosiale forhold. Samstundes får ein kartlagt befolkninga sitt behov for helse- og omsorgstenester i nær framtid.

Gjennom ulike lovverk og nasjonale føringar er kommunane pålagt å satsa på helsefremjande og førebyggande tenester (m.a. helse- og omsorgstenestelova, folkehelselova og helsepersonellova).

Kommunen har eit «sørge for»-ansvar som inkluderer plikt til å yta naudsynte helse- og omsorgstenester, men som også inneber plikt til å jobba førebyggande. Korleis ein organiserer desse tenestene er opp til den enkelte kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein del av dei førebyggande tenestene har Bjørnafjorden kommune valt å organisera i eininga Helsefremming og rehabilitering. Om «lågterskeltilboda» dermed ikkje er lovpålagt, kjem an på auga som ser. Korleis ein vidare skal ivareta desse førebyggjande tenestene når eininga vår vert avvikla og vi skal «spreia kompetansen» vår ut i organisasjonen, slik både PwC og øverste leiing i kommunen beskriv det, blir spennande å følgja med på.

Kols – diabetes - og kreftteam

Forsking viser at kreft, kols, diabetes og demens er aukande i det norske samfunnet – det same er eldrebefolkninga. I følgje våre styresmakter er førebyggande og helsefremjande tenester retta mot desse sårbare gruppene og deira pårørande, viktige satsingsområde.

I vår kommune er argumentasjonen for å avvikla desse teama at vi ikkje skal ha diagnosespesifikke tenester/team i kommunen – dei høyrer heime i spesialisthelsetenesta blir det sagt.

I spesialisthelsetenesta er det lang ventetid for å koma til på dei ulike poliklinikkane (gjeld kols og diabetes) og spisskompetansen hos fastlegane på kols - og diabetessjukdom er variabel. Dei som er ramma av desse sjukdomane, får ofte redusert livskvalitet etter kvart som sjukdomen utviklar seg.

Diabetes, kreft og kols vert definert som ikkje- smittsame sjukdomar og er nokon av sjukdomane som i 2016 utgjorde 87 % av sjukdomsbyrden hos befolkninga i Norge. Det er pasientgrupper som «krev lite». Dei treng likevel tett og god oppfølging for å meistra sjukdomen, for å unngå forverring av sjukdomen, komplikasjonar, sjukehusinnlegging og auka mortalitet. Auka sjukehusinnlegging fører ofte til auka tilrettelegging og hjelpebehov i heimen

Behandling av komplikasjonar ved diabetes i Norge er anslått til ein årlig kostnad på over 5 milliardar åleine. Det å koma tidlig inn, bidra til at folk kan klara å stå i arbeid lenger, bu lengre heime, og førebyggja komplikasjonar, slik teama gjer, er fortsatt ein smart måte å organisera helsetenestene på.

Teama samarbeider om treningsgrupper for desse pasientane. Trening er særleg viktig både for å stabilisera og avgrensa utvikling av sjukdomen, men også for at ein skal kjenna seg trygg, og få treffa andre med same sjukdom. Tilbakemeldingane er berre positive - mange tek tak i livssituasjonen sin og får betre livskvalitet.

Diabetesteam: Til saman 253 pasientar får oppfølging frå diabetessjukepleiar i Bjørnafjorden og Samnanger kommune per 01.01.2023. Diabetessjukepleiar har mellom 20–30 pasientkonsultasjonar per veke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kreftteam: Kreftsjukepleiar har 61 pasientar per 31.01.23. I tillegg kjem deira pårørande. Ein reknar fire pårørande per pasient. Kreftteam samarbeider tett med kreftkoordinator om oppgåver og oppfølging.

Kols-team: Kols-teamet har totalt 165 pasientar (av dei 20 i Samnanger kommune). Kols-sjukepleiar har omlag 15 konsultasjonar i veka. I tillegg kjem alle heimebesøka og oppfølging per telefon av pasientane, og råd og rettleiing til heimesjukepleien (om lag 25 telefonar per veke). Ho har også mykje undervising både på institusjonane og i heimetenesta.

Slik forslaga til nedtrekk ser ut, vil ein neppe klara å ivareta desse pasientgruppene slik teama gjer. Avviklar ein desse viktige tenestene, slik PwC tilrår, vil ein fort erfara auka etterspurnad etter tenester hos både fastlegane, heimetenesta og plass på institusjon. Konsekvensane for aktuelle pasientar kan ein berre tenkje seg.

Tryggleikssjukepleiar

Førebyggjande heimebesøk til eldre er lovpålagt i Danmark. Det er det ikkje i Noreg. Tidlegare Os kommune starta med tenesta i 2011. Fleire og fleire kommunar har dei siste åra også starta med førebyggjande heimebesøk til eldre, men tenesta blir organisert forskjellig frå kommune til kommune.

Motiva for å starta med førebyggjande heimebesøk kan vera ulike, men nettopp det at ein «fangar opp» og kan iverksetja tiltak på eit svært tidleg tidspunkt der det er aktuelt, og dermed seinka vidare utvikling av situasjonen, og etterspurnad etter andre helsetenester, er kanskje den største årsaka. I tillegg får ein møte og kartlagt den eldre befolkninga sitt behov for helse- og omsorgstenester i nær framtid. Tilbakemeldingane er også at det gir tryggleik for den enkelte å ha ein kontaktperson i kommunen.

Avviklar ein tenesta førebyggjande heimebesøk (tryggleikssjukepleiar) i Bjørnafjorden kommunen mister ein dette fokuset. På den andre sida endrar også den aldrande befolkninga seg over tid. Dei som no ser alderdomen i kvitauge er kanskje betre rusta for å møta alderdomen enn generasjonen før; vi er digitale, mange er høgt utdanna, har god økonomi, vi held oss friskare lengre og vi har større mogelegheit for og høve til å påverka systema rundt som ein ikkje hadde tidlegare. Kanskje det er på sin plass å tenkja nytt her – andre tenester er komne til, og kan kanskje vidareføra og utvikla noko av det arbeidet som er gjort så langt.

Førebyggjande og helsefremjande tenester kan ein gjerne samanlikna med den årlege servicen på bilen. Den servicen gjennomfører dei fleste av oss – av og til med augeblikkeleg høg kostnad – men ein veit at det svarer seg å betala for unngå høgare kostnader på eit seinare tidspunkt.

Så, kjære politikarar – «Politikk er ikkje å villa, politikk er å prioritera!» (sitat: Lasse Qvistad).

Artikkelen held fram under annonsen.

Åsa Kristine Flakke,

Kols-team

Trine Langeland Skogheim,

Diabetes-team

Anita Herland Tenold,

Kreftteam

Bjørg A. Sjøbø,

tryggleikssjukepleiar