Apartheid-stat: Israel er ein apartheidstat. Blant anna har staten over 60 lover som diskriminerer palestinarar som bur i Israel, og i 2018 vedtok dei nasjonalstatslova som seier at retten til nasjonal sjølvbestemmelse er eksklusiv for jødar.

Kjøper du varer produsert av okkupasjonsmakta Israel?

I butikkane her på Os bugnar det i desse dagar av matvarer produserte av okkupasjonsmakta Israel. Ofte kjem desse varene frå okkupert område. Område som utan rett er teken over av staten Israel.

Gulrøter, poteter, dadlar, grapefrukt, avokado, nypoteter, søtpoteter og mykje meir. Når eg går i butikken, sjekkar eg alltid kva land vara kjem frå. Det er ikkje alltid eg finn ut kor varene kjem frå, enkelte gonger må ein nesten bruke lupe for å sjå at dei er produsert i Israel. Det er ikkje berre frukt og grønt som kjem frå Israel, det er kosmetikk og mange andre varer som veggfester for TV, Alarmsentraler frå Iscar, Hewlett Packard, vegetarmat frå Halsens Køk o.s.v.

Innimellom finn eg varer med eit norsk namn på posen. Men, når ein sjekkar litt meir, ser ein at også dette er produkt frå Israel, for eksempel nypoteter pakka av Huseby gard i Lier.

Artikkelen held fram under annonsen.

Produksjon og handel er ein integrert del av Israel sin okkupasjon av Palestina. Det er godt dokumentert at fleire av dei norske frukt-og grønt importørane som Coop og BAMA, kjøper varer frå, er selskap som har produksjon og foredling i ulovlege, israelske busetnader på okkupert, palestinsk jord. For å seia det med andre ord: Varer som er produsert på stjålet jord. Som forbrukar reagerer eg og fordi det er påvist at fleire israelske selskap, med viten og vilje, feilmerkar varene sine for å skjula at dei er produserte og pakka i ulovlege busetnader.

Israel er ein apartheidstat. Blant anna har staten over 60 lover som diskriminerer palestinarar som bur i Israel, og i 2018 vedtok dei nasjonalstatslova som seier at retten til nasjonal sjølvbestemmelse er eksklusiv for jødar. På Vestbreidda har Israel innført apartheid ved å ha ulike lover for busettarar og palestinarar.

Vil du stø opp om Israel sin apartheid politikk? Vil du stø opp om at nesten to millionar palestinarar på Gaza lever under blokade frå Israel? Ein blokade som har vart sidan 2007.

For meg er det ikkje vanskeleg. Eg sjekkar kva land varene kjem frå. Står det at dei er frå Israel, då går eg til neste butikk.

Bli meir bevisst du også. Sjekk kor varene er produserte og ver med på å boikotta israelske varer. Boikott er eit ikkje-valdeleg middel i kampen for eit fritt Palestina og ei oppmoding frå det palestinske folk.

Åse Vaksinen Sælensminde

Palestinakomiteen

Bergen

Artikkelen held fram under annonsen.