Førebudde: Folk har tilsynelatande vore klare for og førebudde på at det burde innførast meir omfattande restriksjonar og tiltak.

Klare for ein naudsynt og altomfattande dugnad

Det var berre eit tidsspørsmål før ein måtte ta steget som no vil få vidtrekkjande følgjer for kvar enkelt og samfunnet som heilskap.

Før avgjerda om å stengja vart teken torsdag, heldt fleire foreldre borna heime på eige initiativ. Stadig fleire stilte spørsmålsteikn ved logikken i å innskrenka kulturelle arrangement, treningar og samankomstar, samstundes som borna vart sendt i skular og barnehagar.

Det dukka opp tilfelle med elevar som måtte vera i heimekarantene, og biletet vart stadig meir uoversiktleg. Kven har vore på ferie kor og kven har vore i kontakt med kven? Utan moglegheit for å kunna spora smitten lenger, måtte det eit drastisk tiltak til for å forsøka å få kontroll på smittespreiinga så raskt som mogleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Konsekvensane dette vil få, veit me enno ikkje omfanget av, og akkurat no er situasjonen uoversiktleg og mange sit med mange spørsmål. Men gjennomgangsmelodien mellom bjørnafjordingar som så langt har uttalt seg, er tydeleg. Dette er ein dugnad me berre må ta, alle saman, jamvel om det får store konsekvensar for alt frå skule, barnehagar, næringslivet, jobbsituasjonen, idrett og frivillig aktivitet. Ikkje minst i solidaritet med dei personane som er i risikosonene. Men også for å sikra ei fordeling av smittespreiinga slik at ein unngår ei total overbelastning av helsevesenet, med dei følgjer det vil få for dei som vil trenga livreddande hjelp uavhengig av koronaviruset.

Folk har tilsynelatande vore klare for og førebudde på at det burde innførast meir omfattande restriksjonar og tiltak. Mange har etterlyst raskare tiltak og større handlekraft. Regionalt og nasjonalt har dei kommunane som var tidleg ute med drastiske tiltak, fått skryt.

Med dei vidtrekkjande konsekvensane ei stenging av skular og barnehagar vil få, så kan ein likevel forstå at det har teke tid å vurdera eit slikt tiltak, og også avgjera akkurat når det var rett å setja det ut i live.

No har uansett kommunen teke grep, og i tida framover vert det rett og slett storstilt dugnad, og eit utstrakt behov for god informasjonsflyt og godt samarbeid kommune-skule-heim.