Handsrekning: Det var sentrale styresmakter som gjekk inn for samanslåing. Det er vel på tide at den styrtrike staten gjev ei handsrekning no sidan me følgde oppfordringane.

Klarer Bjørnafjorden kommune å omstilla seg til moderne tider?

Nokre tankar om den nye kommunen med ein fjord imellom.

I Bjørnafjorden kommune er det no komen fire-felts motorveg direkte til by’n. Du kan reisa til Bergen på eit kvarter. For ein luksus! Har dette fått konsekvensar for organiseringa av nokre av tenestene sentralt i kommunen?

Ta legesenteret som døme. Har det vore ei utgreiing av om legesenteret på Os kan endra drift og forenkla sidan det er 15 minutt til øyeblikkeleg hjelp i Bergen etter at nyevegen kom? Ikkje på agendaen?

Artikkelen held fram under annonsen.

Nedlegging av legesenter i Eikelandsosen skal spara pengar for kommunen. Eg vil tru at ei utgreiing om moderne struktur på legetenesta på vestsida burde vera på sin plass. Ny organisering av legetenestene i lys av ny veg og nye gevinstar og tettare samarbeid med Bergen, bør opp agendaen.

Dette vil visa at Bjørnafjorden kommune kan spara pengar utan å leggja ned eit livsviktig legekontor i Eikelandsosen. På austsida i kommunen risikerer me å få 1,5 timar til livsviktig «øyeblikkeleg hjelp», medan vest sida ikkje kan tola 15 minutt. Ser me dei større linjene?

Skal mindretalet i aust (gamle Fusa) lid for at vestsida (gamle Os) ikkje kan ta i bruk den nye tida? Endeleg fekk ein i Eikelandsosen ei legeordning som fungerer godt.

Kommunedirektøren seier så rett at det ligg ein fjord mellom aust og vest. Er fleirtalet på vestsida klar til å sjå at fleire nødvendige institusjonar i aust vert nedlagde? Dette vil utan tvil skapa større ubalanse mellom aust og vest? Det er klart at demokratiet har sin kostnad, spesielt for austsida.

Samanslåing av kommunar skulle gje meir robuste kommunar som resultat. Redaktøren i BA tok føre seg tre samanslåingar i Vestland fylke. Alle dei tre nye samanslegne kommunane kom dårleg ut.

Tilbake til Bjørnafjorden: Austsida fekk tidlegare tilskot for å vera grisgrendt kommune, medan vestsida fekk tilskot for å vera svært tettbygd. Etter samanslåinga blei me ein gjennomsnittskommune og får dermed ikkje same tilskota. Eit lite tilskot for å få gratis ferje hadde gjort seg.

Eit lite sukk til slutt: Det var sentrale styresmakter som gjekk inn for samanslåing. Det er vel på tide at den styrtrike staten gjev ei handsrekning no sidan me følgde oppfordringane.

Å leggja ned gode tiltak på bygdene er vel uansett ikkje robust politikk?

Artikkelen held fram under annonsen.

Karl Jakob Helland

Sivilingeniør