Nesten ikkje til å tru: Det er nesten så ein ikkje kan tru det, når ein prøver å flytta fokus over på kva som vart vedteke i budsjettet for denne tenesta.

Klart dette er eit løftebrot, Terje Søviknes. Du hadde jo alle tala og informasjonen før valet

Klart det er eit løftebrot å ville avvikla legevakta i Eikelandsosen, Terje Søviknes. Det er ingen tvil om det.

Valprogrammet og alle valkampvideoane dykkar er jo knalltydelege på satsingane, og den om «slå ring om legevakta på Os og i Eikelandsosen», er så tydeleg dokumentert som overhovudet mogleg både skriftleg og på film.

Les også
— Eg ser at nokon kan meina at dette er eit løftebrot

Alle politikarane, og andre som les politiske saker, har vore jamleg informerte gjennom vedtak i formannskap og kommunestyre dei siste to åra. Vi har samrøystes stemt for rekneskapsrapportar, tertialrapportar og eigne saker som omhandlar både fastlegar og legetenester generelt. Vi er orienterte om utfordringar med vikarlegar og periodar som har vore utfordrande for heile legetenesta, og dei auka kostnadene knytt til dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er nesten så ein ikkje kan tru det når ein prøver å flytta fokus over på kva som vart vedteke i budsjettet for denne tenesta. Det er nesten uverkeleg at Frp og Høgre ikkje ser ut til å villa vedkjenna seg sine eigne budsjett som har vorte vedtekne i Bjørnafjorden kommune (for 2022 med støtte frå MDG, og for 2023 med støtte frå KrF), og fleirtalet dette har gjeve dei i formannskapet (økonomiutvalet).

Les også
Bruarøy sin kommentar om monopol-pengar fekk Lindborg til å reagera

Vi er alle bekymra for auka kostnader og kommuneøkonomien, og legg fram tøffe budsjett for 2024 som vi synest er krevjande, men stå no for pokker inne for løftebrotet og prioriteringane dykkar dei siste to, snart tre åra, Frp og Høgre!

Det er inga skam å snu, med eller utan is i magen, eller ein ny kortstokk i handa.

Trine Lindborg

på vegne av Bjørnafjorden Arbeidarparti si kommunestyregruppe.