Tek ansvar: Bøndene tek klimaansvar, og set seg særs ambisiøse mål for å bidra i klimasaka. Som den første næringa i landet inngjekk Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlaget i sommar klimaavtale med regjeringa.

Klimasaka: Bøndene vil, kan og trengs!

Skeptiske politikarar må slutta å bruka bøndene som unnskyldning. Det er no vi treng ein klimaplan.

Tysdag behandla formannskapet klimaplanen for Os kommune. Klimaplanen skal – enkelt forklart – hjelpa oss å med få ned utsleppa og ta vare på miljø og naturmangfaldet i den vakre bygda vår. Dessverre vart den vel gjennomarbeidde planen igjen sett på vent – eit fleirtal av politikarar vil heller ha nye rundar med utgreiingar. Dette til tross for dei det gjeld har fått uttala seg – og langt på veg er blitt høyrde.

I avisa kan vi lesa at det er «…framleis stor skepsis til klimaplanen frå bønder og politikarar». Mon det? At fleire av politikarane er skeptiske, ja. Men her skubbar politikarane bøndene urettmessig framom seg. For bøndene tek klimaansvar, og set seg særs ambisiøse mål for å bidra i klimasaka. Som den første næringa i landet inngjekk Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlaget i sommar klimaavtale med regjeringa. Partane avtala at utsleppa frå landbruket skal reduserast med 5 millionar tonn CO2 dei neste ti åra. Det er eit svært konkret bidrag for å nå Noregs klimamål, og avtalen vert trekt fram som eit eksempel til etterfølging for andre næringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vestlandsbøndene viser stor vilje til omstilling og nytenking i klimasaka. Det er ekstra imponerande når vi veit dei utfordringane landbruket i landsdelen vår har: små, til dels usamanhengande teigar, bratte skråningar og vêrharde beite. Dei vrir produksjonen mot frukt, bær og grønsaker, og dei leitar med lykt og lampe etter gode teknologiske løysingar som kan effektivisera drifta og få ned utsleppa på bratte vestlandsbruk. Dei veit også at ein kresen marknad etterspør varer som er berekraftig produsert. Ein grøn gard er ein konkurransedyktig gard.

Bjørnafjorden MDG meiner det hastar med å få på plass ein klimaplan – vi treng godt verktøy og konkret handling for å koma i mål med storarbeidet det blir å få redusert klimaendringane. Bondelaget gjer ord om til handling i det daglege arbeidet.

Os & Fusaposten må nok skriva om overskrifta si skal dei ha sine ord i behald. Vi foreslår: «Framleis stor skepsis til klimaplanen frå enkelte politikarar».

Tina Bøe Buer

MDG-representant i formannskapet

Marie Hauge

Leiar MDG Bjørnafjorden