Verdival: Dette budsjettet er meir enn nokon gong eit verdival. Skal eit egosentrisk styresett valsa over dei svake og dei som treng kommunen?

Kommunen skal vera for alle. Ikkje berre dei som er blanke i pelsen og har hus og hage

No må alle trø til. Du òg, Terje. Det er på tide å leggja prinsippa til sides.

I siste Os & Fusaposten gjer Terje Søviknes narr av Atle Kvåle som har snudd i samband med eigedomsskatt i Bjørnafjorden. Eg òg er prinsipielt imot eigedomsskatt, men når kommunen skal kutta svært mykje i budsjetta, og det utvilsamt vil råka hardt dei som verkeleg treng kommunen i ryggen, berømmer eg Atle Kvåle for å ha evna til å stikka fingeren i jorda og innsjå galskapen.

Når fleirtalet i kommunestyret vel å berga fleire skular, ein av dei postane som ville monna litt på innsparing, er det heilt klart at det vil ramma dei svakaste ytterlegare når budsjettet skal fordelast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
— Utan å verka flåsete, men dette er vel Atle Kvåle i eit nøtteskal

Eit verdival

Bjørnafjorden kommune er i ein kjempestor skvis. Likevel er Frp og Søviknes prinsippfaste — eigedomsskatt skal ikkje innførast, kosta kva det kosta vil. Men kor langt ned i driten er fleirtalet i kommunestyret, med Terje Søviknes i spissen, villig til å la det synka før dei også snur om eigedomsskatt?

Kor mange svake må lida, kor mange kreftsjuke må få det tyngre, kor mange eldre skal få redusert hjelp, kor mange pleietrengjande skal liggja passive og dopa ned for å skapa minst mogeleg arbeid for dei få som er att på vakt på sjukeheimane? Kor mange born som treng hjelp, skal venta/få utsett hjelpetiltak? Skal ein stor del av kommunen i praksis stå att utan legevakt? Skal folk enkelte stader vera isolerte store delar av døgnet fordi det ikkje kjem brøytebil?

Les også
Den tidlegare Fusa-ordføraren har snudd: — Konsekvensane blir for drastiske

Dette budsjettet er meir enn nokon gong eit verdival. Skal eit egosentrisk styresett valsa over dei svake og dei som treng kommunen, eller skal nestekjærleik og tanken om at kommunen er til for dei som treng hjelp, vera rådande?

For det er dessverre slik at eigedomsskatt er eitt av få verktøy att i verktøykassa for å sikra kommunens svakaste eit verdig liv. Nestekjærleik mot egoisme. Kommunen skal vera for alle. Ikkje berre dei som er blanke i pelsen og har hus og hage, men også for dei svake. No må alle trø til. Du òg, Terje. Det er på tide å leggja prinsippa til sides.

Viggo Nonås