Kortsiktig: Å ta i bruk raske ad hoc-løysingar til viktige samfunnsoppgåver, fører fort til kortsiktige og dårlege løysingar.

Kommunetunet og biblioteket: Har ei ideell plassering

Sal av Kommunetunet vil i praksis seia at biblioteket i Eikelandsosen vert lagt ned

Det er ikkje ei lett oppgåve politikarane og administrasjonen i Bjørnafjorden har om dagen. Det er utfordrande når budsjetta skal reduserast og det krevst både innsikt og omtanke for å gjera dei rette vala.

Vala må gjerast med tanke på å ta vare på viktige samfunnsoppgåver og å sjå tenestene i kommunen i samanheng.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Sa ja til vidare drift for berre eitt år sidan. No er bygget føreslått selt – igjen

Mi oppleving som byråkrat i ein liten mannsalder er at politikarane oftast vil ha meir utgreiing når det er viktige saker som skal handsamast.

Trenden i Bjørnafjorden har no diverre blitt omvendt. Ein kuttar budsjettet drastisk fyrst, så skal ein planleggja tenesta etterpå.

Det såg me då legevakta var i vinden for ei tid tilbake og det ser ein no når biblioteket har kome i fokus. Det minner om det gamle ordtaket: «Båten blir til mens du ror.» Å ta i bruk raske ad hoc-løysingar til viktige samfunnsoppgåver, fører fort til kortsiktige og dårlege løysingar.

Igjen er det snakk om å selja Kommunetunet. Det vert sagt at det er kjøparar til Kommunetunet og at det vil bli ein fantastisk plass for t.d. eldrebustadar.

Det vil det nok bli, men er det det Eikelandsosen treng?

Ei rask oppteljing viser at det er om lag 65 større og mindre leilegheiter som er bygd, eller er i ferd med å byggjast. Alle med 2-5 minutts gangavstand til Leiro.

Eg kan trøysta det blå fleirtalet med at alle er bygd på privat initiativ.

I tillegg er det potensiale til 50-60 nye bueiningar på ferdig regulerte tomter: På Neset, ved Bunnpris og på Todlaneset.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rundt Fusa bu- og behandlingssenter er det areal nok til å byggja mange tilrettelagde bustader for eldre. Det er difor ikkje behovet for leilegheiter som kan brukast som argument for å selja Kommunetunet.

Les også
Biblioteket kan bli hardt råka: – Snakk om ein heilt annan type tilbod

Sal av Kommunetunet vil i praksis seia at biblioteket i Eikelandsosen vert lagt ned. Framlegget om å redusera bibliotekbudsjettet med 30-40% vil forsterka det.

Biblioteket i Kommunetunet er planlagt som bibliotek og har ei ideell plassering. Om biblioteket og Bua framleis skal vera i Eikelandsosen, må ein leiga areal. Det betyr husleige så langt auga ser, og litt til.

Kommunetunet er i kommunal eige. Eg kan ikkje forstå anna enn at driftskostnadene må bli mindre enn husleiga om ein ser dette i ei perspektiv på nokre 10-år.

Les også
— Forslaget strir mot alle intensjonar i folkebibliotekslova

Lesing er ein grunnleggjande kunnskap som alle treng både i kvardag og arbeid. Sjefen for samfunnsutvikling i Bjørnafjorden kommune har stor tru på KI, men også den er verdilaus utan gode lesekunnskapar. Bruk av KI forutset skjermbruk.

Diskusjonen i dag går på om ikkje borna brukar for mykje skjerm. Å erstatta fysiske bøker med skjerm, er kanskje ikkje måten å minska skjermbruken.

Manglande ferdigheiter i lesing er eit gjennomgangstema i offentleg debatt. Skulen har sjølvsagt hovudoppgåva med å læra borna å lesa, men biblioteka har ein særs viktig støttefunksjon med å gje borna dei rette bøkene for at dei skal få leseglede.

Eg ser at biblioteket i Eikelandsosen har 0,8 stillingsprosent. Det skal ikkje mange timar til med støtteundervisning i skulen før dei pengane er brukte opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Biblioteket som berebjelke i bygda, ikkje ein kortsiktig salderingspost

Dei aller fleste er mobile i dag. Avstand til biblioteket vil likevel påverka bruken. Det er allereie lange avstandar i Fusa til biblioteket i Eikelandsosen. Dersom Os vert einaste bibliotek i Bjørnafjorden vil avstanden bli vesentleg større.

Reisetid frå Eikelandsosen til Osøyro er i fylgje Googlemaps 44 minutt. Om du skal reisa frå lengst sør i kommunen, må du leggja på om lag same tid. Det vil sei at du nærmar deg 1 time og 30 minutt reisetid til biblioteket.

Til samanlikning er reisetida frå Osøyro til Voss 1 time og 34 minutt. Framleis i fylgje Googlemaps.

Les også
Bjørnafjorden - éin kommune etter fem år?

Sjefen for samfunnsutvikling i Bjørnafjorden set, ifylgje Os & Fusaposten, si lit til Jesus og KI for å få budsjetta til å gå opp.

Jesus har eg ikkje fått kontakt med, men KI gav meg fylgjande svar på om det er fornuftig å kutte bibliotekbudsjettet med 30%:

«Å kutte bibliotekbudsjettet med 30% kan vere problematisk, da biblioteker spiller ein viktig rolle i samfunnet ved å tilby tilgang til informasjon, ressurser og aktiviteter for alle aldersgrupper. Slike kutt kan føre til redusert tilbod av bøker, programmer og tjenester som er essensielle for utdanning og fellesskap.»

Eg kunne ikkje sagt det betre sjølv, til trass for at eg berre har middels naturleg intelligens frå indre Hardanger.

Terje Raunsgard

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Biblioteket er viktig for ditt lokalmiljø!