Tale: Mathilde Nonås, leiar i Bjørnafjorden ungdomsråd, heldt tale i Minneparken på nasjonaldagen. Her er talen i lesarbrevsform.

Korleis kan me sikra at alle, uansett bakgrunn, religion og legning, kan leva frie og verdige liv?

Me må halda fram med å kjempa for fridom, rettferd, eit berekraftig samfunn og for kvarandre.

Mathilde Nonås, leiar i Bjørnafjorden ungdomsråd, heldt tale i Minneparken på nasjonaldagen. Her er talen i lesarbrevsform:

Me feira dagen i dag for å hylla landet vårt. For å feira at Norge blei eit fritt og uavhengig land, og at me fekk vår eiga grunnlov. Det er ein dag fylt med stoltheit, glede, samhald, og fellesskap.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me kan sjå tilbake på 200 år med demokrati. Grunnlova er utruleg viktig fordi ho var starten på demokratiet vårt, fridomen vår, og sjølvstende vårt. Ho var òg starten på dei gode verdiane me har her i landet vårt. Rettferd, toleranse, respekt, likestilling og ytringsfridom er nokre av desse.

17. mai er ein dag me kan vera stolte av landet vårt, og visa takksemd til dei som har kjempa for vår fridom og vår sjølvstene.

Me kan vera stolte av landet av mange grunnar. Men éin ting me kan vera skikkelig stolte over, er at me har eit så bra demokrati som gjev oss moglegheita til å påverka vår eiga framtid.

Som leiar i ungdomsrådet og som politisk aktiv, står eg tett på medverknadsprosessane i samfunnet vårt i dag. Me er komne utruleg mykje lenger enn det mange andre land har, men sjølvsagt er det forbetringspotensiale hos oss også.

Å vera 16 år i 2024 er ikkje alltid lett, men gjennom mi tid i politikken har eg alltid følt meg lytta til, alltid visst at eg har moglegheita til å påverka, og alltid visst at eg har fridomen til å seia det eg meiner.

Men likevel står fridomen vår i fare kvar dag. Sjølv om det er to år sidan krigen i Ukraina braut ut, er det spesielt aktuelt å snakka om det på ein dag som denne.

Eirik Løkke skreiv i ein kronikk til VG 24. februar 2023 at Putin gambla med høg innsats, på at me i Vesten ikkje er villige til å stå opp for verdiane våre. Og at det er opp til oss å bevisa at han tar feil. Ikkje har Putin berre angripe Ukraina sitt demokrati, men også andre land i Vesten.

Med jamne mellomrom har han utført desinformasjonskampanjar mot si eiga befolkning. Han har tatt fridomen til mange mange menneske rett ut av nevane på dei. Det same ser me i Israel og Palestina, der over to millionar menneske står uten sin eigen fridom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Er det éin ting me burde ha lært dei siste åra, er det at vi ikkje bør ta fridom som ei sjølvfølgje. Me bør vidare ha lært at den viktigaste garantien for fred, er frie nasjonar og menneske.

Me må halda fram med å jobba saman som bygd, som kommune, som fylke og som nasjon for at fridomen og dei gode verdiane me har bygd opp, held fram.

Detta har me spesielt fått sett på prøve den siste tida. Når budsjettforslaga kom, gjekk det kaldt nedover ryggen til dei aller fleste.

Legevakta vår fekk 0 kroner til drift, og kommunedirektøren føreslo å leggja ned fleire barneskular i kommunen.

Me visste i haust at det kom til å bli vanskelege tider i dei kommunale tenestene våre og det har det blitt.

Likevel reiste bygda seg, stod saman og kjempa for det bygda meinte var rett. Fusabrølet er eit prakteksemplar på samhald, fellesskap, ytringsfridom og demokrati.

Det er ikkje berre verdiane og og fridom vår me må beskytta, men også ytringsfridomen. Her i Norge har alle menneske fridomen til å gje uttrykk for kva dei meiner og kva dei ønskjer å seia noko om, utan å bli straffa.

Ytringsfridomen vår er ein menneskerett og har blitt sett slik sidan 1700-talet. Det er slett ikkje alle land i verda som har dette privilegiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I nokre land kan ein risikera å bli fengsla, eller i verste fall bli straffa med døden, om ein ytrar seg.

Me har ingenting å ta forgitt, men me har også mykje å læra. Ytringsfridomen vår fører til stor usemje og diskusjonar. Me kan bli endå flinkare på å akseptera kvarandre sjølv om me er ueinige. Netthets og usaklig argumentasjon er ein stor trussel mot demokratiet vårt.

Er det verdt å ytra si meining når det meste ein får igjen er hets? Er det så veldig freistande å engasjera seg politisk då? Nei, det er ikkje det. Når me ikkje lenger kan seia det me meiner uten å bli hetsa, er ytringsfridomen og demokratiet vårt trua.

17. mai er som sagt ein dag for å feira vår nasjon og fridom. Men det er også ein dag å tenkja på korleis me kan gjera Norge til ein betre plass. Korleis me kan skapa eit samfunn som er inkluderande, mangfaldig og rettferdig, og samtidig eit berekraftig og miljøvenleg samfunn som dei neste generasjonane kan leva i?

Korleis kan me vidareføra velferdstaten vår, og sikra at alle har like moglegheiter for utdanning, jobb, og helsehjelp?

Korleis kan me sikra at alle uansett bakgrunn, religion og legning kan leva frie og verdige liv?

Me må halda fram å kjempa mot rasisme og diskriminering, mot fake news, mot krig, og mot ulikskap. Me må halda fram å kjempa for fridom, for rettferd, for eit berekraftig samfunn og for kvarandre.

Det har no vore krig i Europa i meir enn to år. Heile Europa har strøymd til for å hjelpa, utan å nøla. Som eg sa i 17. mai-talen som eg heldt i Eikelandsosen i forfjor: Det er veldig fint å sjå at det finst så mange gode med-menneske og sjå samhaldet me menneske har på tvers av landegrenser.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men eg har også lyst å formidla at eg synest det er trist å sjå at me ikkje er like flinke å hjelpa dei som har ulik kultur, ulik hudfarge, ulik religion og kjem frå andre verdsdelar.

Eg vil minna oss på at me er éin klode, éi verd og eitt folk. Me er ein del av eit fellesskap, ein del av noko som er større enn oss sjølve. Fellesskapet vårt byggjer på tillit, samarbeid og gjensidig respekt.

Tidlegare generasjonar har kjempa i krig og elende for at me skal ha det så bra som me har det i dag, og mange av dei har ofra liva sine for nasjonen vår.

Me er ein del av ein nasjon som har vunne over motgang og utfordringar gjennom samhald og solidaritet. Folket vårt har vist verda at sjølv det umoglege er mogleg med innsats, viljestyrke, openheit og samarbeid.

Den dag idag er det norske soldatar der ute som kjempar i krig og konflikt, og nokre av dei har kome heim i kiste. Dei neste generasjonane er også nøydde til å halda fram med å kjempa.

Og den neste generasjonen er oss ungdomane. Oss som skal bringa verdiane våre vidare, treng kunnskap og læring om kvifor dette demokratiet og denne ytringsfridomen er så viktig.

Den samfunnsfaglege opplæringa er ein utruleg viktig ressurs for det. Me treng gode rammer for engasjement. Ikkje ta oss ungdomar forgitt, for me er så mykje meir enn skjermavhengige og krevjande somlekoppa.

Me treng gode vaksne som engasjerer oss. Me treng aksept for å villa gjera ting annleis, aksept for nyskapande tenking. Me må hugsa at me alle saman er med på å forma Norge si framtid, og at det er vårt ansvar å byggja eit samfunn som er rettferdig, inkluderande og berekraftig.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dag feirar me difor ikkje berre landet vårt og fridomen vår, men også kvarandre.

La oss feira mangfaldet og rikdomen i kulturen vår. La oss feira dei som har gått føre og kjempa for våre rettar og vår fridom. La oss feira dei som står saman med oss i dag, dei som gjev oss håp og inspirasjon til å halda fram å byggja eit betre samfunn for alle.

Så uansett kor du kjem i frå, kva hudfarge du har, kva du trur på, og kven du elskar, så ønskjer eg deg og dine ei fin feiring og gratulerer med dagen.

Mathilde Nonås

Leiar

Bjørnafjorden ungdomsråd