Læringsnettverket: Bak frå venstre - Marit Holdhus Bang, Bodil Lunde Hansen, Eva Tillerli Sirevåg, Katrine Mæland, Atle Gusland Framme frå venstre: Maren Nygard (var med i starten), Iselinn B. Mjåtvedt, Marianne Hågensen, Jorun Elin Dahl Turid Vindenes er og med, men var ikkje til stades då bildet vart tatt.

Korleis ville du svart på spørsmålet «Kva er viktig for deg»?

Det er viktig å involvere pasienten, og gå frå å stille spørsmålet «Kva kan eg hjelpe deg med?» til å spørje «Kva er viktig for deg?».

«Kva er viktig for deg?»-dagen 6. juni blir markert i heile landet. Målet med dagen er å setje brukaren sine eigne mål i fokus gjennom betre samtalar mellom dei som gir helse- og omsorgstenester, og dei som mottek tenester. Dagen blir markert i meir enn 50 land over heile verda.

Bjørnafjorden kommune deltek i Nasjonalt læringsnettverk for gode pasientforløp. Forsking viser at pasientar sin motivasjon og kjensle av meistring blir styrka når pasienten sjølv aktivt deltek i utforming av eigne mål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er viktig å involvere pasienten, og gå frå å stille spørsmålet «Kva kan eg hjelpe deg med?» til å spørje «Kva er viktig for deg?».

Slik kan vi iverksette tiltak basert på pasienten eller brukaren sine eigne mål. Dette arbeidet krev òg at vi må ha fokus på helsepersonell sine haldningar og verdiar. Vi ønsker at helsepersonell skal bli flinkare til å lytte, og forstå kva som er viktig for den enkelte pasient eller brukar. Det handlar i stor grad om å sjå heile mennesket.

Korleis ville du svart på spørsmålet «Kva er viktig for deg?». Det kan vere vanskeleg å svare på, og det er kanskje heller ikkje eit enkelt spørsmål for helsepersonell å stille. Gjennom dialog med brukar eller pasient skal helsepersonell motivere den enkelte til å komme fram til realistiske, oppnåelege mål, utifrå det som er viktig for den enkelte. Dette målet skal vere knytt opp til den tenesta helsetenesta skal utføre.

I samband med dette prøver vi for tida ut ein grundigare kartlegging av pasientar på rehabiliteringsavdelinga på Lurane og på Fusa bu og behandlingssenter, der spørsmålet «Kva er viktig for deg?» er sentralt.

Mot slutten av samtalen skriv vi ned pasienten sine mål. Desse måla blir evaluerte etter fire veker, for å følgje med på ein eventuell framgang. For å styrke kompetansen har helsepersonell fått opplæring av fagsjukepleiar og kartleggingsteamet i Bjørnafjorden.

Vi blir stadig fleire eldre, og i framtida blir det utfordringar med å få nok helsepersonell. Derfor må vi organisere tenestene på ein annan måte enn i dag, for å få meir berekraftige helse- og omsorgstenester. Vi har rett og slett ikkje nok personar til å utføre oppgåvene. Dette er ikkje berre ei utfordring i Bjørnafjorden kommune, men ei internasjonal utfordring.

Meir pengar vil ikkje løyse utfordringane, dermed kan vi ikkje drive tenestene slik vi i dag gjer. Rett oppgåvefordeling startar med helsefremjande arbeid, der brukar og pasientar sjølv må ta større ansvar for eige liv og delta i eigen behandling (NOU, 2023:4). Ved å investere tid og ressursar i brukar i starten, håper vi at gevinsten er at brukar blir meir sjølvhjelpen og dermed ikkje treng helsetenester lenger.

Helsetenestene skal gje nødvendig og forsvarleg helsehjelp, og for å kunne gje treffsikre tenester er det nødvendig med god kartlegging og målretta arbeid. Dette blir utgangspunktet for ein ansvarsfordeling mellom brukar/ pasient og helse- og omsorgstenestene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppgåver som brukar/pasient sjølv kan gjere, vil bety at personell blir frigitt tid til andre. Saman kan vi organisere helsetenestene slik at dei kan møte kapasitetsutfordringane Noreg og verda står i.

Læringsnettverket

Gode pasientforløp

Bjørnafjorden kommune