KrF seier ja til legevakt i Eikelandsosen og ja til rimelegare drift
Vi sa det i desember 2023 og vi seier det igjen no.
KrF stemte i budsjettmøte i desember 2023 for vedtak om å omorganisere legevaktordninga i Bjørnafjorden. Vi møtte til dels sterk kritikk for dette og nokre medlemer melde seg ut av partiet. Det vart i eit lesarbrev hevda at KrF støtta nedlegging av legevakta i Eikelandsosen.
Vi sa det i desember 2023 og vi seier det igjen no: Intensjonen til KrF var ikkje å leggja ned legevakta, men å sjå på kva som kunne gjerast for å gjere kostnadane meir berekraftige. Vi er difor glade for konklusjonen frå arbeidsgruppa og for kommunedirektøren sitt forslag til vedtak når saka no skal opp i diverse utval og i kommunestyret 2. mai: Legevakta i Eikelandsosen bør oppretthaldast, men med ein ny og mindre konstnadskrevjande driftsmodell. KrF kjem til å stemma for dette.
Artikkelen held fram under annonsen.
Reduserte kostnader på 3,5 MNOK er til det beste for alle innbyggjarane våre. Vi vonar dette er noko alle parti kan gle seg over og stå saman om. Det er ein vinn-vinn situasjon når ein no lukkast med å gjera legevaktsordninga i Bjørnafjorden Aust meir økonomisk berekraftig.
Jakob Enerhaug
Gruppeleiar Bjørnafjorden KrF
Bjarte Samnøy
1. vara Bjørnafjorden KrF