Ingen «kuskam»: Vi skal ikkje ha «kuskam», men vi må kunne diskutere korleis vi skal redusere dei totale utsleppa i landbruket.

Kua er løysinga – kva var problemet?

Høgre sin politikk skal legge til rette for eit lønsamt og berekraftig landbruk over heile landet. Denne ambisjonen bør vere rettleiande når vi tar stilling til Klimakur 2030.

Misforstå oss rett: Landbruket skal gjere sin del i reduksjon av utsleppa, på same måte som samferdselssektoren. Spørsmålet er berre korleis?

Kua er under lupa. Nokre har tatt til orde for å redusere kjøttforbruket. Vi meiner at her bør vi alle sjå mest på korleis utslepp kan kuttast i heile landbruket. Raudt kjøtt som den store syndaren, bidreg til ei innsnevring av ein viktig debatt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Landbruket har sjølv offensive planar for å kutte klimagassutsleppa. Dei var den første næringa som inngjekk ein forpliktande klimaavtale med regjeringa. Likevel har Klimakur 2030 kosthaldsråd som fremmar reduksjon av raudt kjøtt, noko som har skapt uro i store delar av landbruket.

Vi ønskjer å vere tydelege på at Klimakur 2030 ikkje er regjeringa sin politikk. Det er eit kunnskapsgrunnlag, på bestilling av regjeringa, som skisserer moglege tiltak for å redusere klimautsleppa.

Det har kanskje ikkje kome så godt fram, men Klimakur 2030 er svært tydeleg også på nedsida for landbruket med å redusere mengda raudt kjøtt folk et. Det kan føre til at store delar av norsk areal vil gå ut av produksjon då det mange stader ikkje er naturgitte forhold for dyrking av korn, frukt og grønt. Hordaland og Vestland er gode eksempel på det.

Ein nedgang i talet på kyr og sau ville gjort det vanskeleg å halde oppe eit heilskapleg kulturlandskap. Det ville kunne ført til at omlag 6.300 årsverk blei lagde ned. Det er dramatisk for norsk landbruk, og det bryt med ein politikk som vil legge til rette for eit landbruk over heile landet.

Høgre sin klimapolitikk tar utgangspunkt i at vi skal kutte utsleppa, ikkje utviklinga. Noreg treng eit robust landbruk.

Over tid har vi sett at mat-trendane har endra seg og at etterspørselen etter raudt kjøtt er reduserte. Når vi et kjøt, skal vi kunne ete i full forvissing om at den norske bonden gir oss eit produkt med lågast mogleg klimaavtrykk. Her har vi òg klare forventningar til at landbruket held fram den viktige jobben sin med å sikre mat i verdsklasse og samtidig redusere utslepp.

Kua er ingen miljøversting, men metanutsleppa er ei utfordring for klima. Vi skal ikkje ha «kuskam», men vi må kunne diskutere korleis vi skal redusere dei totale utsleppa i landbruket.

Ei frisk ku ei klimavennleg ku. Friske dyr treng mindre fôr, dei veks raskare og produserer meir mjølk og kjøt. Noreg har blant dei friskaste dyra i verda. I tillegg har vi sterke forskingsmiljø som ligg langt framme med å finne fôrløysingar for å redusere metanutsleppa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mindre kjøtt på menyen gir ingen automatisk klimagevinst. Klimakostnaden til det du byter ut kjøttet med er like viktig. Det blir komplekse reknestykke. Debatten om klimakur 2030 må romme denne kompleksiteten.

Vi må produsere mat på ein betre måte. Gitt dei føresetnadene landbruket har mange stader i landet er kjøtt den produksjonen som er mogleg. Det er ein god ressursbruk av den fornybar ressursen, gras. Dette er viktig også i eit beredskapsperspektiv. Vi kan ete kjøttet, men ikkje graset!

Marie Bruarøy

Gruppeleiar Bjørnafjorden Høgre og hobbybonde

Guro Angell Gimse

Liv Kari Eskeland

Torill Eidsheim

Landbruksnettverket til Høgre