Ni millionar: Korleis er det mogleg å laga eit prosjekt der kvar bueining har ein pris på over ni millionar kroner?

Kva har gått gale på Søfteland?

Endå verre blir det når det i fullt alvor vert uttalt at kanskje ein ikkje skal ta bustadene i bruk.

Eg les til mi store undring i Os & Fusaposten at prisen på seks spesialtilpassa bustader på Søfteland er femtifem millionar kroner. Det gir ein snittpris på meir enn 9 millionar per bueining!

Les også
Her kjem nytt bufellesskap til 55 millionar. Veit ikkje når dei har råd til å opna

Eg veit lite om prosjektet, men eg stiller spørsmålet til dei ansvarlege i kommunen: Korleis er det mogleg å laga eit prosjekt der kvar bueining har ein pris på over ni millionar kroner?

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg veit ikkje kor stor kvar bueining er. Ein total anleggskostnad på rundt kroner femti tusen per m2, skulle tilseia ein storleik på 180 m2 per bueining. Truleg er dei ikkje så store. Kva er det då som gjer at prisen ligg på langt over det doble av det som er normal kostnad for bustader i Os-delen av Bjørnafjorden?

Er det nokon som kan svara? Det er fint at det er store fellesareal, og det er fint at prosjektet blir bygd som passivhus, og det er fint at det er solfangarar på taket, men desse tiltaka forsvarar likevel ikkje den heilt urimeleg høge prisen. Her har etter mitt syn noko gått alvorleg gale.

Eg stiller spørsmålet til kommunen: Kva er det som gjer prosjektet så kostbart?

Kommunen eigde jo tomta frå før, og det er ikkje grunn til å tru at tomtekostnaden i dette høvet skulle auka prisen ut over det som er normalt.

Her må det truleg ha vore for dårleg planlegging. Kommunen slit med dårleg økonomi, og likevel investerer ein i bustader til over ni millionar for kvar!

Endå verre blir det når det i fullt alvor vert uttalt at kanskje ein ikkje skal ta bustadene i bruk, fordi ein ikkje har råd til driftskostnadene.

Kanskje er det ikkje for seint å tenkja alternative løysingar. Kan tomta utnyttast betre? Kan det byggjast 20 bueiningar i staden for seks?

Kan heile prosjektet seljast slik det ligg, så kan ein heller kjøpa Bergstø-eigedomen og dermed sikra areal til ny idrettsbane på Søfteland, samstundes som ein får tomteareal til å byggja eit bustadprosjekt til normal kostnad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som sagt veit eg lite om prosjektet som no er under oppføring, men eg veit veldig mykje om bygging og eg veit veldig mykje om prisar.

Eg veit og at mangelfull planlegging og mangelfull styring kan føra til særs uheldige konsekvensar i form av alt for høge prisar. Eg veit ikkje om det på nokon måte har vore korkje mangelfull planlegging eller styring i dette høvet, men det eg kan seia, er at noko må ha gått fullstendig gale når ein klarer å pressa kostnaden for seks bustader opp i femtifem millionar kroner.

Store fellesrom, god isolering og solfangarar på taket skal heller ikkje gi så store utslag i totalkostnaden at det kan forsvara å bruka femtifem millionar kroner.

Korleis kan det ha seg at alle andre som bygger i Os-delen av Bjørnafjorden klarer å bygga til langt lågare prisar? Kan det vera slik at når kommunen er byggherre, så blir det akseptert høgare prisar enn det blir gjort når private er byggherrar?

Eg spør og spør, og vil gjerne at nokon ansvarlege svarar. Det er ikkje noko svar at det er så dyrt å byggja i dag. Svaret må innehalda detaljerte opplysningar om tomtekostnad, arkitekt og konsulenthonorar, kostnad med byggeleiing, osb..

Eg synest det er ille at kommunen skuslar bort pengane sine i ei tid det er viktig å få styring på økonomien.

Øyvind Tøsdal