Kva no, 2022?

Vår politikk: Utan ein skjør plattform å tekkast, vil vi ikkje lenger sitta stille i båten – av frykt for å kvelva, men heller snakka ope og klart om det som er våre prioriteringar, vår politikk.

Kven er desse 70 personane som er overflødige i kommunen kvart år?

Dei fleste fekk kanskje med seg dramatikken i kommunestyret det siste møtet før jul – utan at dette har noko som helst innverknad på verken nattesøvn eller julehøgtid. Men sjølv om vi no gler oss til å slappa av, eta godt og vera i lag med dei nære og kjære, kjenner vi på ei viss uro for det komande året.

Les også
MDG gjorde kontroversielt budsjettval mellom «pest eller kolera». Dette er Nøttseters forklaring
Les også
Om budsjettbomba: — Det var uansett berre eit tidsspørsmål før koalisjonen ville bryta saman

Ei vanskeleg økonomisk tid ligg som skjer i horisonten for kommuneøkonomien, og alle vi som arbeidde for å leggja fram eit budsjett utan å auka skatte- og avgiftstrykket ytterlegare, hadde ei svært vanskeleg oppgåve.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeiderpartiet gjekk tydeleg til val på å ikkje innføra eigedomsskatt. Til tross for ein krevjande økonomisk situasjon i kommunen, meiner vi framleis vi at vi skal klara oss utan. Bjørnafjorden har høge kommunale utgifter grunna blant anna Ohara, og vi kjenner det ikkje forsvarleg å påleggja innbyggarane denne ekstra økonomisk børa.

I budsjettet for 2022 innebar dette valet at det rett og slett ikkje var rom for «kjekt å ha», men berre det vi er lovpålagte å gjera som kommune. Likevel hadde vi ikkje samvit til å kutta så drastisk i kommunen sitt driftsbudsjett, som det vi no ser i Frp/Høgre og uavhengig Magne Djuvik sitt budsjett som fekk fleirtal i kommunestyret.

For der vi var forsiktige med å trekka ned på drift, utover det kommunedirektøren allereie såg som forsvarleg, har opposisjonen, saman med MDG, valt å trekka ned heile 3,5% årleg på drift – ei heilt umogleg oppgåve om ein ønskjer å drifta kommunen på ein ansvarleg og medmenneskeleg måte.

Les også
Dette seier ordførar Trine Lindborg om å styra på opposisjonens budsjett

I berre kommunale stillingar utgjer dette omtrent 70 stillingar i året (140 første året om ein tenkjer seg ein halvtårseffekt). Kven er desse 70 personane som er overflødige i kommunen kvart år?

Vi stilte spørsmål ved dette i kommunestyret, men det var ingen av dei ansvarlege for budsjettet som kunne svara på kor mykje dette ville utgjera for helse, oppvekst eller samfunnsutvikling. Det vart sagt at desse stillingane skulle takast frå administrasjon, ikkje dei som jobba på golvet.

Så då blir neste spørsmål, kor mange leiarar og mellomleiarar meiner opposisjonen er overflødige i 2022? Kor har dei tenkt at kutta skal takast? Er det skulenedlegging? Dårlegare tilbod til barn og unge? Meir sentralisering? Privatisering?

Det vi veit er at Frp/Høgre og uavhengig Magne Djuvik ønskjer å gjennomføra prosjektet dei kallar «Økonomisk handlefridom». Prosjektet medfører å oppretta endå ei politisk styringsgruppe, med fem nye politikarplassar som vil krevja godtgjersle. I gruppa skal det sitja politikarar, meir eller mindre kompetente, som ikkje har fagkunnskapen som skal til. Dei skal detaljstyra arbeidet til ein høgst kompetent administrasjon.

For oss i Ap bryt det med alt vi står for. Vi har nemleg stor tillit til dei tilsette og innbyggarane i kommunen vår, og vi veit av erfaring frå Bjørnafjorden 22 at organisasjonen sjølv har klart å løysa dei store nedskjeringane det var behov for.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi meiner at denne modellen bygd på tillit har vore ein stor suksess, og hadde håp om at denne måten å arbeida på, ved å lytta til dyktige og kompetente fagfolk i organisasjonen hadde halde fram. Gjerne med meir tillit, og mindre byråkrati og rapportering slik vi foreslo i vårt budsjett.

Budsjettet frå Frp/Høgre og uavhengig Magne Djuvik er eit steg bakover til ei tid og ein organisasjonskultur vi trudde vi var ferdige med. Dette kjem diverre organisasjonen til å merka, og vi er bekymra for konsekvensane.

Vi går inn i det nye året med det same sterke forsettet: å lytta til innbyggarane og dei tilsette i kommunen vår, og aldri gløyma kvifor vi valde å gå inn i politikken, nemleg med mål om å skapa eit betre lokalsamfunn for alle – i stort og smått.

Les også
KrF trekkjer seg frå koalisjonen: - Grunnlaget er vekke
Les også
Slik reagerer varaordføraren på «utmeldinga» til KrF

Utan ein skjør plattform å tekkast, vil vi ikkje lenger sitta stille i båten – av frykt for å kvelva, men heller snakka ope og klart om det som er våre prioriteringar, vår politikk. Vi kjem til å arbeida konstruktivt, vera løysingsorienterte og søkja breie fleirtal for det som gagnar kommunen, bygdene og innbyggjarane.

Politikk for oss er ikkje eit spel, ingen stad for dramatikk, og higen etter maktposisjonar, men eit rom der veljarane sine stemmer vert høyrde og fører til gode, samfunnsnyttige vedtak.

Med dette vil vi takka våre politiske partnarar for samarbeidet i året som gjekk, og ønska alle ei god jul og eit godt nyttår.

Arbeidarpartiet si kommunestyregruppe

Les også
Trykka stemning då MDG gjekk saman med Frp/H/uavhengig om neste års budsjett