Skilnader: Dette er ei styring i full fart mot ein kommune der skilnaden mellom fattig og rik blir større.

Kva samfunn vil me ha? Skal dei svake sponsa dei velståande?

Eg håpar fleire politikarar kan gå inn for eigedomskatt, i staden for å støtta den arrogante latterleggjeringa av dei som forandrar meining.

Økonomien til kommunen er elendig. Det som blir presentert for oss er eit budsjett som i aller høgste grad går ut over dei svakaste i samfunnet.

Innsparinga i tenestene går ut over funksjonshemma, sjuke, eldre, born osv. Er det slik vi vil ha det?

Artikkelen held fram under annonsen.

Under valkampen var det store ord frå Frp og Høgre – berre dei kom til makta skulle det bli FART og STYRING på kommunen. Men dette er ei styring i full fart mot ein kommune der skilnaden mellom fattig og rik blir større. Kvifor skal me ikkje ha eigedomskatt? Kan det vera fordi dei som har eigedomar stort sett er dei som er mest velståande?

Eg håpar fleire politikarar kan gå inn for eigedomskatt, i staden for å støtta den arrogante latterleggjeringa av dei som forandrar meining.

Ragnhild Bjørke