Velferdsstaten: No skal ein til med innsparingar, og sjølvsagt skal det gå ut over dei som har lagt grunnlaget for “velferdsstaten”.

Kva skjer vidare i Bjørnafjorden kommune?

Så har kommunedirektøren sagt si meining – kommunen kjem ikkje på beina igjen før i 2027.

På konstituerande møte på Fusa vidaregåande skule om samanslåing av Os og Fusa kommune, hevda underteikna at dette ikkje var bra, blant anna ligg der ein fjord i mellom. Eg vart straks irettesett med at der kom bru mellom Venjaneset og Os innan 3-4 år og alt kom til å bli så bra.

Etter møtet laga administrasjonen sak på emnet, og fekk med seg både formannskap og kommunestyre. Dei laga til og med ein “gallup” som skulle attspegla meiningane i Fusa.

Artikkelen held fram under annonsen.

I alt vart 293 personar kontakta, medan Statistisk Sentralbyrå vanlegvis brukar minst 850 individ i sine meiningsutvekslingar. Av dei 293 personane, var det litt over halvparten som gjekk inn for samanslåing (utgjer 5% av veljarmassen).

I kommunestyret vart saka avgjort med 17 stemmer for og fire stemmer i mot. Altså 17 kommunestyrerepresentantar + 5% av veljarmassen avgjorde at arvesølvet blei ein del av Bjørnafjorden.

No etter fire år med Ap + Sp-styre, ser dei fleste at avgjerda var heilt feil, og enkelte politikarar er byrja å ro mot land.

No skal ein til med innsparingar, og sjølvsagt skal det gå ut over dei som har lagt grunnlaget for “velferdsstaten”. Gamle og pleietrengande skal ikkje få det stellet dei har krav på - også ein måte å redusera talet på.

Dei som steller og passar på dei trengjande får ikkje dei arbeidsforholda dei etter norsk lov har krav på. Korleis skal dette enda?

Politikarar: No må de ta store grep. Søk om heile sju promille i eigedomsskatt med ein gong. For dette er graverande.

Gudleik Østerbø