Nytt: Etter fleire ti-år med gode intensjonar og eit velde av testing, planar og diagnosar, må vi klara å tenkja nytt.

Kva skule ønskjer kommunen for borna våre?

Det trengs ein snuopperasjon – då må vi snakka saman i landsbyen vår.

«Det krev ein heil landsby for å oppdra, danna og utdanna eit barn». Dette var mantraet i kvalitetsplanen for oppvekst og kultur i tidlegare Os kommune. Planen var god! Ein flott visjon og fine ord, men kvar vart det av landsbyen?

Som lærar og innbyggar ser eg at landsbyen trengst. Vi treng å stå samla om det ansvaret vi alle har for dei som no veks opp, og vi som dagleg kjenner kvar skoen trykkjer, er viktige deltakarar i eit slikt arbeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Førebygging

Førebygging skjer heile tida og på ulike arenaer, og ikkje minst i grunnskulen. Difor ser vi som jobbar med danning og utdanning med skrekk på nedskjeringa i skule og barnehage, og færre ressursar der det allereie er syltynt bemanna.

Lokalmiljøet og samfunnet sitt engasjement kan bidra positivt til skulen og elevane si utvikling, står det i læreplanen - og at i møte med menneske i alle aldrar og frå ulike kulturar, får elevane perspektiv på eiga læring, danning og identitet.

Kunne skule og lokalmiljø gjort nytte av kvar andre? Eit vinn-vinn prosjekt? Kunne lokalmiljøet vore brukt på ein slik måte at borna våre kjenner seg viktige og at det er bruk for dei?

Her trengst det eit samarbeid mellom skulane og dei som kjenner kulturen og naturen i bygda. I kroppsøving skal elevane til dømes ta i bruk nærmiljøet og utforska lokale kulturar for friluftsliv.

«Dybdelæringa» kan best nåast når elevane får bruka fleire arenaer og fleire praktiske oppgåver. Uteskule på nye arenaer vil gje ei betre forståing og ei djupare meining i lærestoffet.

Lukka institusjon eller ein del av lokalmiljøet?

Lokalmiljøet bør vera ei viktig brikke i vår felles oppgåve med å oppdra, danna og utdanna born. Om skulane og barnehagane fungerer som lukka institusjonar, mister vi som samfunn mykje, – og ja, det går i den retninga og det er det fleire grunnar til.

Fleire av ekskursjonane i kulturplanen for skulane er borte. Dei lærerike og kjekke turane elevane fekk til Gamlastovo på Hauge og til helleristningane og klebersteinen i Varga, er begge no ute av kulturplanen. Kvifor vert ikkje slikt erstatta?

Slike tiltak er av uvurderleg verdi for den einskilde elev og potensialet er stort for slike kulturelle, tverrfaglege undervisningsopplegg i bygda vår.

Artikkelen held fram under annonsen.

Felles referanserammer, er det viktig då? Alle læreplanane som den seinare tida er komne ut presiserer viktigheita av å gje borna felles referanserammer. Dette er viktig for å kjenna tilhøyrsle til samfunnet, noko som er større enn det dei møter i klasserommet kvar dag.

Det skaper samhald og forankrar identiteten til borna i ein større fellesskap og i ein historisk samanheng, står det i overordna del i læreplanen. Det handlar om å inkludera alle elevane for å skapa dei gode felles referanserammene. Det er desse referanserammene kommunen tek frå borna når dei fjernar godt etablerte, pedagogiske ekskursjonar.

Kor høgt må dei ropa?

Etter fleire ti-år med gode intensjonar og eit velde av testing, planar og diagnosar, må vi klara å tenkja nytt. Vi ser stadig fleire unge, og stadig yngre, som fell utanfor skulen og har ei psykisk uhelse.

Ei nyleg overskrift i Os & Fusaposten fortel at nye tal viser markant auke i vald mot skuletilsette. Den store auken i avviksmeldingar frå skulane, støtter opp under denne utviklinga.

Den hjelpa elevane får kjem stadig oftare frå helsesjukepleiar, kommunepsykolog, meistringsteam, utekontakten, ungdomsteam, BUP og andre hjelpeinstansar. Dyktige folk, men dette skjedde samstundes med at kommunen braut lærarnorma ved minst to barneskular i kommunen.

Ser ein ikkje at førebyggande arbeid framfor alt skjer i barneskulen? Vi er nøydde til å lytta til elevane, dei er tydelege både i ord og handling.

Verktøy

Det vert brukt enormt med pengar på alle dei det ikkje gjekk bra med på skulen. Kvifor ikkje bruka ressursane i skulen? Dette bør vera eit lett sosialøkonomisk reknestykke, men sjølvsagt krevst det ressursar.

Om ein skal følgja læreplanverket sine prinsipp for skulen sin praksis, skal skulen variera læringsarena og gje elevane ei meir praktisk og livsnær erfaring for å auka motivasjon og innsikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når ein skal ferdast trygt utanfor skulegarden, må rammene vera sikre og bemanninga må vera etter behova til den gruppa som til ei kvar tid skal ut.

Korleis meiner kommunen at skulane skal følgja læreplanen med den bemanningssituasjonen skulane vert driven med i dag?

Kva verktøy vil kommunen gje læraren som i kraft av å vera lærar, er i den beste posisjonen til å gjera ei endring?

Truda Lyssand Lunde