40 års okkupasjon: Palestina er sterkt prega av okkupasjonen på Vestbredda og Gazastripa. Ein okkupasjon som har vart i snart 40 år.

Kven eig sanninga om Palestina?

Det undrar meg ikkje at MIFF i sterke ordelag påberopar seg sanninga i konflikta - noko ein kjenner att frå tallause uttalar i presse og på sosiale medier.

Det var ikkje uventa at MIFF i Bjørnafjorden skriv eit tilsvar til Norsk Folkehjelp sin uttale i samband med markeringa av «Den internasjonale dagen for solidaritet med det palestinske folk».

Les også
52 års okkupasjon må ta slutt!

I 1977 vedtok FNs generalforsamling å markera 29. november som ein internasjonal solidaritetsdag for det palestinske folk (Resolusjon 32/40 B). Datoen 29. november er dagen Generalforsamlinga i 1947 sette fram framlegg om delinga av det historiske Palestina-området i to statar, ein jødisk og ein arabisk stat (Resolusjon 181(II)).

Artikkelen held fram under annonsen.

At også jødane har rett til ein eigen stat er det ingen som nektar for, heller ikkje Norsk Folkehjelp. Vi har alle lest om, og somme hugsar også jødehatet i Europa, spesielt det som skjedde under andre verdskrig. Det var brei semje om at jødane skulle få sin eigen stat.

I 1948 vart staten Israel oppretta med sterk motstand frå palestinarane. At prostestane kom frå eit folk som budde der og har budd der i tusenar av år, og utgjorde 70% av befolkninga, er ganske naturleg. Jødane skulle få 55% av jorda, medan palestinarane fekk 44%.

Les også
Hvem ønsker ikke fred?

Du nemner Balfour–erklæringa, der den britiske regjeringa lova å arbeida for opprettinga av ein «nasjonalheim for det jødiske folket» i Palestina. Denne lovnaden førte til at innvandringa av jødar auka frå 56.000 i 1917 til 650.000 i 1948, meir enn ei tidobling. Jødane utgjorde då om lag 1/3 av befolkninga i Palestina. Framleis er det eit klart fleirtal av ikkje-jødar i Palestina.

Sionistleiinga ville ha makta i Palestina og ville bli kvitt det britiske styret. Sionistane si krigføring mot britane førte til at britane trekte seg ut av området og overlèt Palestina-problemet til FN. Under ser vi kart over området frå 1947 og fram til i dag. Dette kartet viser at palestinsk land vert okkupert av Israel heile denne perioden. MIFF seier slike kart lyg.

Palestina er sterkt prega av okkupasjonen på Vestbredda og Gazastripa. Ein okkupasjon som har vart i snart 40 år. Meir og meir land vert okkupert til fordel for israelske busetjarar. I Gaza har folk levd under blokade sidan 2007. Ein blokade som isolerer dei frå omverda.

Når ein ser på tal drepne i konflikten, er det slik at for kvar 38 palestinar som vert drepen, er det éin drepen på Israelsk side. På palestinsk side er dei fleste drepne, sivile.

Eg er ein stolt folkehjelpar og står fullt og heilt bak avisinnlegget som sto på trykk 26. november. Norsk Folkehjelp er ein solidaritetsorganisasjon som også tek politisk standpunkt. Det gjer vi også når det gjeld Palestina-konflikten. Men, Norsk Folkehjelp kan ikkje bestemma, slik du skriv, kven som skal bu på Vestbredda.

Norsk Folkehjelp, og mange med oss, meiner det er urett at Israel okkuperer store delar av Vestbredda. Vi meiner at det er palestinararane sin rett til å leva og bu der dei har budd i hundrevis av år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg gjentek det eg skreiv tidlegare i denne avisa: «Det er uforståeleg at ikkje verdssamfunnet reagerer på okkupasjonen og alle lovbrota mot eit heilt folk. Det er uforståeleg at Israel framleis får driva på med okkupasjon og ulovleg overtaking av landområde. Det er uforståeleg at den norske regjeringa inngår nye avtalar med Israel».

Åse Vaksinen Sælensminde