Rettar: Det finst alltid elevar som ikkje er A4, av ulike grunnar. Men dei har like fullt rett på det alle dei andre får. (Illustrasjonsfoto)

Kven er skulen til for?

Det lurer eg av og til på.

Skulen er forplikta til å gje alle born ein god og tilpassa skulekvardag.

Kommunen er forplikta til å setja inn tilstrekkelege resursar, både menneskelege og økonomiske, slik at alle elevar får det dei har krav på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette vert ikkje oppfylt!

Dagens skule verkar å vera meir opptatt av å verna om sine tilsette enn å faktisk møta elevane på deira behov.

Det finst alltid elevar som ikkje er A4, av ulike grunnar. Men dei har like fullt rett på det alle dei andre får: Få delta, bli inkludert og få vera ein del av fellesskapet. Og alle skal møtast med ærlegheit, forutsigbarheit og respekt!

"Vanskelege" elevar vert gjerne tekne ut av klassen for å verna dei andre elevane, sjølv om dei "vanskelege" elevane så gjerne vil vera saman med resten og ha ein vanleg skuledag - med det resultat at det vert skulevegring, Er det å oppfylla krava?

Lærarane gjer så godt dei kan med dei ressursane dei har, men når leiinga verkar meir opptatt av å verna seg sjølve enn å sørga for at alle elevane har ein optimal skuledag, er det til liten nytte.

Om elevar vert utsette for "ugreie" episodar på skulen, i skulen sin regi, skal lærarane snu ryggen til eller stå opp for eleven og rapportera til leiinga? Skal lærarane/leiinga verna eleven eller dei tilsette?

Skulen må få opp augene og innsjå at det ofte ikkje er snakk om vanskelege elevar, men elevar som har det vanskeleg.

Eg berre spør!

Artikkelen held fram under annonsen.

Anonym