Like mykje verdi: Alle menneske har like mykje verdi. Den som ser ned på andre, overvurderer seg sjølv.

Kven skal stå opp for dei av oss som ikkje kan stå opp for seg sjølve?

Du må ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv!

Denne livsvisdomen bli skriven av diktaren Arnulf Øverland i 1930. Det same sitatet og diktet er gyldig for all framtid.

Dette er ei åtvaring mot å vera likegyldig og sløv.

Artikkelen held fram under annonsen.

På bakgrunn av den diskrimineringa som dessverre enno – i 2024 – vert begått mot våre «små søsken» på jord, blei det innkalt til eit stormøte med NFU på torsdag. Her var leiaren for Norges Forbund for Utviklingshemmede, Tom Tvedt, invitert, saman med medlemene og styret i Bjørnafjorden NFU.

Politikarane i kommunen var invitert. Det same var administrasjonen i kommunen.

I forkant av dette viktige møtet, blei det knytt kontakt mellom folk som jobbar for personar med ekstra omsorgsbehov i Bjørnafjorden. Det var dei to underteikna - sjefen for Asvo i kommunen, Kristian Nygård, og leiar for Tordagsklubben, Bente Borghild Hauge - og to representanter fra NFU i Bjørnafjorden, Geir Inge Eide og Ingvild Jansen, og brukar-representant frå Torsdagsklubben, Espen Giertsen.

Alle var glade for å helsa på Tvedt som kom langvegsfrå for å snakka med oss. Det var et gjevande møte!

Alle kjem på eit tidspunkt i livet, kor ein ikkke kan stå opp for seg sjølv. Tenk på dei gongene du ligg der sjuk. Kanskje hamnar du på sjukehus, og får god hjelp og omsorg. På eit tidspunkt blir vi alle gamle – og kanskje demente og hjelpelause. Då trår samfunnet til. Du har rettmessig krav på å bli tatt vare på.

Men ei lita gruppe menneske blant oss slit med å bli høyrt, og bli tatt skikkelig vare på. Desse er dessverre ikkje så flinke til å ordleggja seg som andre. Dei går heller ikkje i demonstrasjonstog, og skrik ut om problema sine.

For problem har dei, kvar einaste dag, heile livet, og det er ikkje sjølvpåført.

– Men kan ikkje foreldra eller andre pårørende skrika ut då, spør kanskje du.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nei, så lett er det ikkje. Dei har nemlig stått i kampen med sine kjære i alle år. Dei har vore heiltids-sjukepleiarar og heildøgns-omsorgspersonar i ei årrekke. Dei har kjempa mot kommunale vindmøller, og dei har stått på dei bratte barrikadane. Dei er som oftast totalt utslitme.

Bjørnafjorden kommune har, til saman med resten av verda, ei gruppe innbyggjarar som har større eller mindre omsorgsbehov. Slik vil det alltid vera.

Nokre ligg høgt oppe i evolusjonens «næringskjede». Nokre er lengre nede.

Plutseleg ein dag kan rollene bli byta om. Ein høgt mentalt utrusta person, kan falla og slå hovudet, og få varig hjerneskade. Då er det hen som treng omsorg og beskyttelse, samt at hen må få tilrettelagde tilbod av kommunen. Dette bør vera ein sjølvfølge for alle innbyggjarane våre. Dette burde stå skrive i lovene.. Men vent litt…. Lovene finst jo!

Og dei har det fjonge namnet «CRPD-konvensjonene». Desse er utarbeidde av FN. FN-bygningen er i New York. FN er både dommar og skapar av internasjonale reglar og lover.

CRPD står for «Comitee on the right of persons with disabilities». Dette kan oversetjast med “FN- konvensjon om rettar for menneske med nedsett funksjonsevne».

Konvensjon betyr «overenskomst eller traktat. Det betyr også alminnelig kjent retningslinje, regel eller norm».

Denne konvensjonen skal bidra til å motverka diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne. Den skal sikra respekt for dei gjeldande sivile, politiske, økonomiske, sosiale og kulturelle rettane til menneske med nedsett funksjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Denne konvensjonen blei vedtatt på FN si generalforsamling i 2006. Den trådde i kraft i 2008. Den har med andre ord vore ei gjeldande lov i 16 år.

Desse lovene kan NFU til fingerspissane. Her er det hjelp å få, når ein melder seg inn.

8 av 10 personar med utviklingshemning står utanfor arbeidslivet. Samfunnet har store urørte ressursar i denne gruppa som ikkje slepp til p.g.a. mangel på tilrettelagde arbeidsplassar. Det er ein stor samfunnsøkonomisk gevinst i å sysselsetja denne gruppa. Dette er grundig dokumentert. Med rett tilrettelegging kan alle gjera noko arbeid. Alle har rett til et verdig liv med meiningsfull aktivitet.

Det er viktig at både politikarane og kommunefolket skjønar kvar skoen trykkjer.

Kommunen kan hamna i økonomiske problem. Det kan skje. Det skjer her no. Men denne menneskegruppa tuller ein ikkje med! Dei har lite frå før, og her er det ikkje rom for nedskjering. Denne gruppa kan kanskje ikkje bidra med dei store summane til BNP i landet, men jammen har dei bidratt til mykje kjærleik og glede!

Ein må kunna setja meir pris på dei enkle og fine tinga i livet. Det er mykje mellommenneskelig kunnskap denne gruppa kan læra vekk. Mange av dei har master i livsglede. Alle menneske har like mykje verdi. Den som ser ned på andre, overvurderer seg sjølv.

Disse fine folka bør ha moralsk, etisk og økonomisk beskyttelse hos oss alle.

Bente Borghild Hauge

Artikkelen held fram under annonsen.

Vernepleiar og leiar for Torsdagsklubben

Kristian Nygård

Leiar for Asvo Bjørnafjorden