17. mai 2023: Var dette verkeleg siste siste året med flagging på balkongen til Fjellheim? Tilbygget mot sør (på baksida av scenen) kom opp i 1991, og inneheld bl.a. sanitæranlegg (dusj, toaletter osb), sminkerom og framstår nesten som ubrukte.

Kvifor ønskjer KrF å riva dette bygget?

Midt i arbeidet med eit skriv om Fjellheim til alle lag og organisasjonar i Os, fekk eg hint om at KrF ved Bjarte Samnøy ville stoppa arbeidet med å bevara Fjellheim.

Eg trudde først dette måtte vera ein misforståelse sidan tidspunktet verka unaturleg. Underteikna i Bevar Fjellheim (BF)var for kort tid sidan i dialog med kultursjefen og ad hoc-gruppa for å ta over stafettpinnen frå Skaparstovo som hadde trekt seg frå vidare drøftinger.

Les også
La ned ad hoc-utvalet for Fjellheim. Ordføraren antyda at formannskapet kuppa prosessen

BF la fram ein omfattande søknad med bl.a. rapportar med skildringar av nødvendige oppgraderingar av bygget. Vi har utelukkande nytta autoriserte fagfolk, som har gjort arbeidet på frivillig basis.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fristen for innlevering var 30. juni 2022. 5. oktober same år var det framføring av prosjektbeskrivelsen til Bevar Fjellheim og Skaparstovo for eit «dommarpanel» med ad hoc-utval, kultursjef og folk frå administrasjon og drift.

Mange befaringar og rapportar

Det er ikkje få befaringar og undersøkingar BF har fått gjennomført i Fjellheim. Konklusjonen etter alle undersøkingane er at bygget er i mykje betre stand enn det til dømes kommunedirektøren antydar med sitt 25-30 millionars scenario.

Første befaring som vart gjennomført i regi av BF, var i 2013. To byggingeniørar på kommunen i tillegg til ein elektro-fagmann gjennomførte ei grundig befaring i bygget, og utarbeidde ein detaljert tilstandsrapport og overslag over nødvendig oppgradering den gongen.

Ikkje uventa vart rapporten lagt i ei skuff sidan summen var under éin million.

Etter valet

Etter valet i 2019 vart det kanskje litt enklare å få tilgang til Fjellheim, men framleis var det liten velvilje frå avdeling drift då vi i BF søkte om tilgang til bygget.

I 2020 med nytt styre i kommunen, organiserte BF første befaring 29. september med vekt på den utvendige (vegg og vindauge) tilstanden til Fjellheinbygget.

Det resulterte bl.a. i at det dukka opp stillas på nordveggen ut på hausten, og vegg og vindauge vart oppgraderte og kan stå i mot vêr og vind i mange år framover.

I 2021 fekk vi gjennomført befaringar over fleire dagar med Sverre Samdal med sjekk av avløp og kummer utomhus i tillegg til sjekk av vassleidningar til våtromma innomhus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ellers har vi sjølvsagt gjennomgått alt elektrisk, ventilasjon og oppvarming med bl.a Rød Elektro, Jo Inge Bjørø (Bjørø Blikk) m.fl.

Oppgradert: Bygget vart fullstendig oppgradert i 1990-94. Underetasjen med vestibyle og øvingsalane framstår nesten som nye.

Oppgradering

Etter at Os kommune kjøpte Fjellheim av Os Turnforening i 1989, vart det sett i gang ei gjennomgripande oppgradering av bygget i 1990-91 og 1994 med bl.a. to nye tilbygg som inneheld sanitæranlegg, nye garderobar osb..

Den nye scenen vart bygd lågare, og med større flate til å boltra seg på. Den skumle musikkgrava var borte. Johannes Taule i mannskoret hadde forresten seg ein tur ned til musikarane i musikkgrava under ein sketsj i halvmørket for mange år sidan. Han slapp heldigvis med skrekken.

Ventilasjonsanlegget med varmegjenvinning kom i drift i oktober 1994. Det har vore få problem med anlegget. Tidlegare Fjellheim-sjef, Jonny Christensen, kunne styra anlegget frå sin PC, og i følgje han var det nesten aldri behov for å køyra anlegget med full effekt.

Stenging av straumen

I 1990 vart det lagt ny straumkabel med stor kapasitet inn mot bygget frå sørsida. Alt elektrisk i huset (minus på loftet) var nytt i 1990-91.

No har kommunen visstnok bestemt at BKK får stengja av straumen, dersom han ikkje allereie er stengt av.

Vi har gått gjennom det elektriske og Eviny-rapporten med erfarne elektrikarar, og sjekka kvart enkelt punkt som må utbetrast. Det er nesten utan unntak bagatellmessige tiltak, utan store kostnader.

Det elektriske anlegget (sikringsskap)er anbefalt å få oppgradert til dagens standard som bl.a. betyr at automatsikringane vert bytta ut med nye med jordfeilvern. Det har ein kostnad på ca 170.000 inkl.mva. Dette har vi sjølvsagt tatt med i budsjettet for oppgradering.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avslutning

Dersom KrF verkeleg vil stemma for å stengja Fjellheim for godt, slik dei gjorde i formannskapet, betyr det kort og godt at vi mister både eit flott kulturbygg og ein arena for mange ulike aktivitetar.

Fjellheim er alt med i den nyleg godkjende reguleringsplanen, og det tar seg litt rart ut dersom KrF verkeleg gjer alvor av å stryka Fjellheim frå kartet slik partiet har planar om.

Tore Moberg

Bevar Fjellheim