Mange innbyggjarar frå småbygder er bekymra for korleis storkommunen skal ta vare på deira interesser i tida som kjem. KrF er opptatt av å ta vare på identiteten til bygdene våre.
Mange innbyggjarar frå småbygder er bekymra for korleis storkommunen skal ta vare på deira interesser i tida som kjem. KrF er opptatt av å ta vare på identiteten til bygdene våre.

Kvifor skal eg stemma på KrF?

Dette er spørsmålet mange stiller KrF sine representantar som står på stand i desse dagar.

Oppgåva til medlemene på stand er å gjere partiet synleg, og prøve å få fram ulikheiter mellom KrF og andre lokalpolitiske parti i valkampen.

Så kva er det som skiljer KrF frå dei andre partia? Tilsynelatande kan det sjå ut som det er marginale ulikheiter mellom kva syn dei ulike partia har på saker som miljø, skule/oppvekst og eldreomsorg. Nesten utan unntak vil alle parti jobba mot betre vilkår for unge og eldre, samt næringsutvikling og naturvern, som gjerne treffer dei midt imellom. Hordfast eller indre kyststamveg? Betre tilbod i kollektivtrafikk? Kjøkken på Luranetunet? Heildagsskule? Skulemat? Det er mange tema å velja mellom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilbake til spørsmålet: Kvifor skal du stemma på KrF? Som vidareføring av ein pietistisk tankegang vart KrF grunnlagt i 1933 som eit motstykke til det store fokuset på materielle verdiar i samfunnet. Kristendemokratisk ideologi med fokus på dei grunnleggjande menneskerettane og forvaltaransvaret står framleis sterkt innan partiet. Mykje av bakgrunnen for norsk grunderversksemd og grunnlaget for den norske folkeskulen kan vi takka Hans Nielsen Hauge (1771-1824) for. Hans engasjement og prestasjonar for utdanning og allmenn opplysning er utan sidestykke i norsk historie.

I Bjørnafjorden KrF handlar det om å ta vare på dei mellommenneskelege verdiane, som t.d. via kontantstøtte til småbarnsforeldre, anten du er gift, sambuar eller i eit likekjønna forhold. Fritidskort til ungdomar mellom 6-18 år, for å utjamna ulikheiter i samfunnet, er eit anna tilbod som KrF vil innføra. Fridom og ulikheit med fleksible løysingar er verdiar som står sterkt i KrF, til det beste for deg, anten du er ung eller gamal. Alle er vi menneske, og dermed er vi sårbare. Tilpassa løysingar for den enkelte ut ifrå livssituasjon, er viktig for eit fullverdig liv. Utviding av meistringsteamet for elevar med utfordringar er derfor eit viktig punkt i programmet til KrF.

Nye Bjørnafjorden kommune er snart eit faktum. Mange innbyggjarar frå småbygder er bekymra for korleis storkommunen skal ta vare på deira interesser i tida som kjem. KrF er opptatt av å ta vare på identiteten til bygdene våre, at vi skal læra av kvarandre og byggja gode kommunikasjonsmoglegheiter mellom bygdene og sentrum. KrF har tru på politisk samarbeid med lokale bedrifter, enkeltpersonar og lag/organisjonar, slik at alle kan ha ei reell moglegheit for vidare utvikling av Bjørnafjorden kommune.

Er du enda ikkje overbevist? Ta ein tur og snakk med oss som står på stand, i Eikelandsosen eller på Os.

Godt val 2019!

Marte B. Lamp

3. kandidat

Bjørnafjorden KrF