Lat oss snakka om eigedomsskatt med innestemme

Arbeidarpartiet prøver seg på eit brøl. Frp/H held seg for øyrene. Ingen av delane er svar på elendet vi no står i.

Det er freistande, men sjeldan populært med eit «kva sa vi?». Spesielt ikkje i ein så alvorleg og beint ut nitrist budsjettsituasjon. Men det må vera lov å minna om at MDG som einaste parti utanom SV, i fleire år har peika på eigedomsskatt som ei viktig inntektskjelde for kommunen.

I staden er forslaget avfeia og latterleggjort – spesielt av Frp. Monopolpengar var vel berre ein av morosamheitene frå den kanten. Ironisk, spesielt når vi no veit at dei salderer sitt budsjett med pengar frå sparegrisen. Det er brannsløkking som ikkje løyser noko på sikt. Aps halvhjarta eigedomsskatt-oppvaking etter valet lèt vi liggja. Ho talar for seg sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Endå fleire kutt i Frp og Høgres budsjettforslag: – Legevaktordninga er ikkje berekraftig
Les også
Ap set strek over fleire av kuttforslaga: – Legevakttenesta er heilt nødvendig

Hadde vi innført eigedomsskatt i fredstid, hadde vi vore langt betre stilt i dag. Kommunedirektøren har visst dette lenge, og foreslo det også i eitt av sine budsjettframlegg. Det hadde vore nyttig å vita kva inntektspotensial er og korleis eigedomsskatten kan innrettast for å ein god sosial profil. Men det har ikkje ein gong vore mogleg å samla fleirtal for å greia ut eigedomsskatt.

322 av Noregs 356 kommunar – mange av dei styrt av Frp og Høgre – har eigedomsskatt. Det er med andre ord ikkje nødvendigvis ideologi som ligg til grunn for den sterke lokale vegringa. Kan det tenkjast at Frp/H ikkje er så opptekne av dei tenestene som no forsvinn?

MDG gjekk til val på at kommunen treng eigedomsskatt for å oppretthalda eit godt tenestenivå. Alle problem vert ikkje løyst med denne skatten – det er vi også ærlege på. I vårt 2024-budsjett prioriterer vi oppvekst og psykisk helse. Førebygging er god økonomi – det vi investerer i gode tenester i dag, sparar vi inn på reduserte behov i framtida.

Les også
Kva blir - mest truleg - kutta og kva blir spart? Slik vil du merka endringane.

Slik vi les innbyggjarane er det mange som er villige til og ser seg i stand til å betala eigedomsskatt. Det er eit uttrykk for solidaritet, men også fordi dei ser at det som er godt for fellesskapet er også godt for den enkelte.

Så er det lite som tyder på at vårt budsjett får fleirtal. Den politisk valde leiinga i kommunen styrer på mandat frå innbyggjarane. Det betyr at innbyggjarane må gje beskjed når dei ikkje gjer ein god nok jobb. Alle dei som stemde Frp eller Høgre bør gå til sin lokale kandidat eller partileiinga og utfordra dei på kvifor dei ikkje hentar inntekter der inntekter kan hentast.

Det er menneskeleg å lukka auga for ubehaget heilt til det bokstavleg talt truar ei legevakt nær deg. Heldigvis er det også menneska som kan gjera noko med det.

Nils-Anders Nøttseter

1. kandidat Bjørnafjorden MDG

Artikkelen held fram under annonsen.

Marie Hauge

2. kandidat Bjørnafjorden MDG