Likeverdige: Vi treng gode, likeverdige helsetenester på begge sider av fjorden.

Legevakt og vaktlag på brannstasjonen i Eikelandsosen ER berekraft!

Det er heilt avgjerande at det vert teke grep no som sikrar framtidig legevakt og vaktlagordning på brannstasjonen i Eikelandsosen.

Berekraft er definert slik av FN: Ei utvikling som imøtekjem dagens behov utan å øydeleggja moglegheitene for at komande generasjonar skal få dekka sine behov.

Det er for oss i Bjørnafjorden Sp heilt avgjerande at det vert teke grep no som sikrar framtidig legevakt og vaktlagordning på brannstasjonen i Eikelandsosen. For oss er det berekraft! Noverande og komande innbyggjarar må ha legevakt og brannvaktslag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Endå fleire kutt i Frp og Høgres budsjettforslag: – Legevaktordninga er ikkje berekraftig

I Frp/Høgre sitt framlegg til budsjett, er både legevakt og brannvaktlag tekne ut. Dei har teke med ei formulering om ROS-analyse og kompenserande tiltak. Men like fullt er sluttdatoen for avvikling av legevakta fastsett til 01.07.2024 i Frp og Høgre sitt budsjettframlegg.

Les også
— Eg ser at nokon kan meina at dette er eit løftebrot
Les også
Føler seg lurt: — Eg er ekstremt skuffa

I Senterparti-programmet for perioden 2023-2027 har vi som fyrste punkt i tema Helse og omsorg: Døgnope legevakttilbod på begge sider av fjorden.

Vi må lytte til innbyggjarane, leggja til rette for gode, levande bygder - samt sikra at eksisterande lokalt næringsliv har høve til å utvikla seg vidare.

Då treng vi gode, likeverdige helsetenester på begge sider av fjorden! Og vi treng ei vaktlagsordning som sikrar at det er folk til å rykkja ut når ulukker skjer.

Les også
Kva blir - mest truleg - kutta og kva blir spart? Slik vil du merka endringane.
Les også
I 2022 vart Lea (5) henta med luftambulanse 30 gonger

Vi stiller sjølvsagt opp når Fusabrølet arrangerer folkeaksjon i Eikelandsosen søndag!

Vi vonar alle partia i Bjørnafjorden tek turen, og ikkje minst at partia i budsjettdebatten i kommunestyret torsdag 14.12 kan vera med og samla seg rundt eit vedtak der vi sikrar vidare drift av legevakt og brannvaktlag i Eikelandsosen

Terje Sperrevik

Hege Aase Tysnes

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunestyregruppa i Bjørnafjorden Senterparti

Gitle Berland

Dina Lervåg

Morten Vinsjansen

Hans Martin Leikvoll Eide

Kristina Tveit Osebakken

Loren F. Ditmarsen-Radecka

Helge Andersen

Artikkelen held fram under annonsen.

Vara-rekka Bjørnafjorden Senterparti