Leiarane i oppvekstsektoren treng ressursar og avlasting

Kan ikkje stilla oss slik: Vi kan ikkje stille oss slik at mangel på tid og ressursar skal stå i vegen for å utøve leiing av opplæring på ein konstruktiv måte.

Ifølgje ein rapport frå Skolelederforbundet står vi overfor ei potensiell leiarkrise i skulane.

Skulehausten er godt i gang. Då skular og barnehagar dette skuleåret opna att på grønt nivå, var det med råd om at barn og unge skulle halde meteren, sprite hendene og elles ta alle forholdsreglar.

Ansvaret for smittevern, smittesporing, testing, karantenar og drift etter ein krevjande trafikklysmodell, vart i stor grad lagt til leiarane i skular og barnehagar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter at gleda over gjenopninga no har lagt seg, står skuleleiarane framleis der og organiserer følgjene av smitteutbrot og organiserer trygge skule- og barnehagedagar - også med stort fråvær i bemanninga. Dei siste månadene har leiarar over heile landet jobba kveldstid og helger for å følgje opp pålegg frå helsestyresmaktene utan ekstra ressursar eller kompensasjon.

Koronakrisa har sett fokus på eit veksande strukturelt problem. Arbeidsoppgåvene til leiarar i oppvekstsektoren har over tid blitt endra til å omfatte meir administrasjon og ikkje reint lite rapportering. Skule- og barnehageleiarar forvaltar viktige lovverk som krev at vi går grundig nok inn i saksfelta. Arbeidsmengda som har kome i tillegg i koronatida har gått på kostnad av tid til pedagogisk leiing og utvikling av det profesjonelle fellesskapet i skulen.

Forventingane frå kommunar og skuleeigarar kan gjere det vanskeleg for leiarar å utføre det som er kjerneoppgåva deira, nemleg leiing. Leiar skal vere ein ressurs som skal spele heile det profesjonelle fellesskapet gode. Leiarar i oppvekstsektoren må ha overblikk og ivareta behova til barnehagebarn, elevar og medarbeidarar på best mogleg måte. Men dei må òg kunna møta barn og vaksne om morgonen med eit smil og eit «hei».

Det er slike leiarar vi treng og ønskjer oss i skular og barnehagar.

Om kort tid blir statsbudsjettet for neste år lagt fram. Då ventar vi at det blir tatt omsyn til den ekstra arbeidsbøra korona har ført til i oppvekstsektoren. Skular og barnehagar treng å få tilført meir ressursar, og leiarane treng betre avlasting. Også etter koronapandemien.

Ifølgje ein rapport frå Skolelederforbundet står vi overfor ei potensiell leiarkrise i skulane. Arbeidsoppgåver og belasting blir oppgitt som nokre av hovudårsakene til at mellomleiarar ikkje søkjer seg til leiarstillingar. Dette er problemstillingar som må adresserast politisk. Lokalt vil ekstra ressursar gjere det lettare å leie skular og barnehagar på best mogleg måte for barnehagebarn, elevar og tilsette.

Skuleleiarar og barnehagestyrarar er dei viktigaste leiarane i landet. Vi kan ikkje stille oss slik at mangel på tid og ressursar skal stå i vegen for å utøve leiing av opplæring på ein konstruktiv måte. Det er framtida til våre elevar og barnehagebarn det gjeld.

Kjersti Søvik

Artikkelen held fram under annonsen.

Lokallagsleiar Midthordland

Skolelederforbundet

Thomas Lorentzen-Styr

HTV Skolelederforbundet

Bjørnafjorden

Henrik Johannessen

Styremedlem Fylkesstyret Vestland

Skolelederforbundet

Artikkelen held fram under annonsen.