Lesarbrev: - Det skremmer meg at born går rundt og høyrer vaksne vera aggresive, arrogante og respektlause

Kommentarar som «kva trur han han skal få til med tre mandat?» er både uvitande og respektlaus. Eg vil seie at det å ha tre mandat i eit kommunestyre er som å vere konge samanlikna med å vera ein sinna mann på Facebook.

I år var valet i Os og Fusa historisk. Me stemte på dei me ynskjer skal styre det som blir Bjørnafjorden kommune frå 1. januar 2020.

Det eg kjenner mest på i dag, det handlar ikkje om bru eller klima, skule eller Luranetunet. Det handlar om engasjement.

Eg er glad og takksam for alle som engasjerer seg politisk. Men, om ditt politiske engasjement avgrensar seg til kommentarfeltet på Facebook, då bør du kanskje tenke på kva du vil med dette engasjementet. Når vaksne menneske latterleggjer, kritiserer og fordømmer, utan å sjølv jobbe for fellesskapet sine interesser, då mister eg fort respekten for desse meiningane, og personane bak.

Kommentarar som «kva trur han han skal få til med tre mandat?» er både uvitande og respektlaus. Eg vil seie at det å ha tre mandat i eit kommunestyre er som å vere konge samanlikna med å vera ein sinna mann på Facebook. «Tull» såg eg også var ein kommentar, som seier lite, men likevel er nedlatande og heilt unødvendig. Andre kommentarar, som går på personkarakteristikkar og utsjånad, kan eg heller ikkje sjå at gjer anna enn skade. «De er kun opptatt av makt og er sinnsjuk i hodet», etterfulgt av mange sinte og spyande emojiis, syns eg også har liten politisk verdi.

Når de har så lite filter på sosiale media og kommentarfelt elles, då er eg redd filteret heime er noko stormaska også. Det skremmer meg at born går rundt og høyrer vaksne vere aggresive, arrogante, tvilande, frekke og respektlause.

Borna våre på skulane i Os og Fusa lærer kvar dag om sosial kompetanse og kommunikasjon. Dei lærer å belite seg og å respektere andre menneske. Korleis i all verden skal dei bli god på dette når deira største førebilete IKKJE beliter og oppfører seg? Om du er far, mor, tante, onkel eller besteforelder – tenk over kva du seier, og kven som høyrer eller ser det. Nokon har lyst å vere som deg, vis at du er verdt den tilliten.

Av hensyn til den enkelte nemner eg ikkje namn, men eg håper dei som har uttalt dei nemnte kommentarane kjenner igjen sitata, og skjerpar filteret sitt.

Tonje Helland Lindborg

Helsesjukepleiar og snart bjørnafjording