Denne nye generasjonen ber om hjelp i den store dugnaden for å ta vare på livsgrunnlaget sitt.
Denne nye generasjonen ber om hjelp i den store dugnaden for å ta vare på livsgrunnlaget sitt.

Lesarbrev: Ein kommunepolitikk for borna si klima-framtid

Born og unge i hopetal demonstrerer med krav om ei trygg klima-framtid. Me vaksne, foreldre og besteforeldre, ønskjer dei det beste, men kva svar gjev me dei?

Lokale styresmakter har ei nøkkelrolle når me skal avgrensa klimautslepp. Kommunen kan informera oss innbyggjarar om kva som er viktig for klimaet, og kan leggja til rette for klimariktige handlingar. Som privatpersonar treng me kommunen som partnar i klimakampen.

Kommunen yter tenester, har eigedomar, og er både byggherre og innkjøpar. Med gode klimavenlege val blir kommunen ei viktig grøn kraft, og blir betre både å bu og arbeida i.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det står og fell med vilje og visjon. Vil kommunen lytta til born og ungdom? Denne nye generasjonen ber om hjelp i den store dugnaden for å ta vare på livsgrunnlaget sitt. Gode klimamål må vera grunnleggjande for all kommunalpolitikk. Det vil heile samfunnet vinna på.

Framlegg til gode kommunale klimatiltak er samla i heftet«8 Klimavettregler». Heftet er gjeve ut av Klimavalalliansen, ein breid allianse av mange landsomfatande organisasjonar.

Det hastar! Born og ungdom ber oss innstendig om å ta opp kampen for ei trygg klima-framtid, og då har me vaksne eit ansvar for å følgja opp.

Lokalvalet 9. september må verta eit klimaval, og då bør du sjekka om partiet du pleier å stemma på, har forstått nettopp det, og om det viser det også i praktisk politikk! Viss eit anna parti er meir truverdig, kan det vera smart å skifta parti denne gongen. Di stemme tel!

Godt val!

Bjørghild des Bouvrie, nestleiar

Besteforeldrenes klimaaksjon

Bergen og Hordaland