No på tampen av valkampen har det hyppigere vorte spurt om kva parti det IKKJE er aktuelt å samarbeida med. Senterpartiet har fått fleire slike spørsmål.
No på tampen av valkampen har det hyppigere vorte spurt om kva parti det IKKJE er aktuelt å samarbeida med. Senterpartiet har fått fleire slike spørsmål.

Lesarbrev: Gode Bjørnafjording!

Mitt og Senterpartiet sitt primære ynske er at me no får ein endring i den politikken som har vore ført på Os-sida av Bjørnafjorden.

Då nærmer det seg val og nokre av oss er glade for at «valkampsirkuset» snart er over. Eg er mellom dei som har tillit til at veljarane har merka seg kva dei einskilde partia meiner om eit og hitt i saker som dei er opptekne av.

Likeeins har innbygjarane på begge sider av fjorden eit godt erfaringsgrunnlag m.o.t kva dei einskilde partia har sagt og gjort i periodane som ligg bak oss.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når valget er over og innbygjarane har sagt sitt, skal partia finna saman i konstellasjoner som gjev best uttelling for eigen politikk.

Bjørnafjorden Senterparti har vore tydelege på at me som eit sentrumsparti KAN jobba «begge veger» i politikken. Dette har Sp lange tradisjoner for (til liks med andre sentrumsparti).

Dei mange sentraliseringsreformene er etter mitt syn hovudårsaka til at skillelinjene i rikspolitikken går der dei går i dag. Senterpartiet er, har vore og vil halda fram med å vera det partiet som kjemper for desentralisering og utvikling i heile landet.

I eit lokalval som no står for døra vil ein heilt sikkert, denne gongen som alltid tidlegare, sjå dei «merkelegaste konstellasjoner» danna seg på bakgrunn av valresultatet i den einskilde norske kommune.

Veljarane som stemmer Senterpartiet i Bjørnafjorden skal vera trygg på at me vil forvalta tilliten de gjev oss slik at mest mogleg av Senterpartiet sin gode politikk kan verta ført i den nye kommunen vår!

Dette har vore, er og kjem til å verta mitt og Senterpartiet sitt fokus.

Gjennom heile valkampen har partia vorte utfordra på kven dei ynskjer å samarbeida med etter valet. Dei fleste partia har sagt som Senterpartiet: «Der ein får mest uttelling for eigen politikk».

No på tampen av valkampen har det hyppigere vorte spurt om kva parti det IKKJE er aktuelt å samarbeida med. Senterpartiet har fått fleire slike spørsmål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Senterpartiet er som nevnt eit sentrumsparti som KAN jobba mot «venstre og høgre».

Når ein ser på partiprogram og kvar dei store skillelinjene i lokale saker, som brusaka, arealpolitikken, Fjellheimsaka m.fl. ligg, er det vel openbart at eit samarbeid med Fremskrittspartiet framstår som bort i mot umogleg og lite ønskeleg.

Samarbeid med SV framstår vel også som usannsynlig då dei ligg tilsvarande langt til venstre for sentrum.

Mitt og Senterpartiet sitt primære ynske er at me no får ein endring i den politikken som har vore ført på Os-sida av Bjørnafjorden. Me er klare for eit skifte til ein politikk til beste for heile Bjørnafjorden. Senterpartiet vil vera garantisten.

Godt val!

Harald Lekven

Ordførarkandidat

Bjørnafjorden Senterparti