Vi har bygd tropehagen og gode utesonar skapt for oppleving. No tek vi endå eit steg og løftar eldreomsorga med planlegging av vidare utbygging, Leve heile livet-reforma, livsgledeheim, ernæringsfysiolog-kompetanse og eit moderne kjøken med god matomsorg.
Vi har bygd tropehagen og gode utesonar skapt for oppleving. No tek vi endå eit steg og løftar eldreomsorga med planlegging av vidare utbygging, Leve heile livet-reforma, livsgledeheim, ernæringsfysiolog-kompetanse og eit moderne kjøken med god matomsorg.

Lesarbrev: Jul, mat og gode stunder

Vi går snart inn i den vakraste høgtida, jula. Vi i Os kommune har nett gjort oss ferdig med budsjett for 2019. Og FrP/H og V har igjen sett fokus på mange gode tiltak for det nye året.

Eldreomsorga er og har alltid vore eit viktig område for oss i Frp. Vi var glade då vi fekk landa Statleg finansiering av eldreomsorga( SIO) i 2016. Og at det ser ut til at det vert ei forlenging frå 2019 til 2022.

Vi har sett korleis denne ordninga har styrka eldreomsorga og løfta kvaliteten. Samstundes er det viktig å forvalta godt overskotet av ordninga til seinare behov.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frp/H og V vil likevel gjera meir. Vi vil setja av midlar til Leve heile livet-reforma som no vert rulla ut. 500.000, der gode tiltak innan eldreomsorga skal setjast ut i live.

Vi vil framleis ha ståande midlar til sertifisering av Luranetunet til livsgledeheim.

Behovet for sjukeheimsplassar er framleis stort. Og vi framskunda opning av den siste avdelinga på Luranetunet til januar 2019.

Å ja, vi skal verta gode på å gje tenester i heimen, og få på plass velferdsteknologi. Men samstundes skal ein vera trygg på at når behovet for sjukeheimsplass er til stades, så er det plass tilgjengeleg. Difor ønskjer vi at det vert sett ned eit prosjekt som analyserer behovet for heildøgnsplassar i framtida. Her må ein sjå på ulike tomter/plassering og bruksområde. Kanskje ein må sjå på fleire behov innan helse saman. Prosjektet skal rapportera til Os formannskap og fellesnemnda for Bjørnafjorden i 2019.

Mat er viktig. Både for helsa og for trivsel. Difor set vi av midlar til ein ernæringsfysiolog i 2019. Fokuset på mat og rett mat må aldri forsvinna. Riktig samansett mat til både bebuarar på Luranetunet og dei heimebuande skal ivaretakast. Men og andre grupper som treng rettleiing og oppfølging når det kjem til mat, skal kunna nyttiggjera seg av denne viktige kompetansen. Vidareføring og kunnskapsdeling innan mat er sjølvsagt mykje lettare å få til når ein har rett kompetanse tilgjengeleg. Ikkje minst at denne gjev oppfølging vidare ved behov.

Vi, og særleg Frp, har vore tolmodige lenge når det gjeld eige kjøkken på Lurane. Vi reknar med at den varsla tilskotsordninga frå regjeringa kjem om kort tid. Og no er tida inne for å vera klar for igangsetjing av kjøken. Vi set av 500.000 til utgreiing og planlegging. Vi ønskjer eit moderne kjøken, godt integrert i Luranetunet med kort veg til den vakre Tropehagen. Vi har tidlegare sagt at Luranetunet med sin tropehage bør verta endå meir brukt. Ikkje berre av bebuarar og deira pårørande, men og av fleire innbyggjarar og besøkande. Difor vil eit moderne kjøken med godt innhald bli endå eit godt tilskot til å ta turen. Vi har no mogelegheita til å tenkja heilt nytt. Vert det kjøken som eit eige føretak? Restaurant med servering inne/ute. Skal ein og driva catering? Skal ein selja tenester til andre? Det er førebels fleire spørsmål enn svar. Og det er viktig at ein no brukar god tid på å koma fram til gode avgjerder for å få til det beste.

I tillegg har vi og no sjansen til å laga gode arbeidsplassar for grupper som ikkje like lett kjem seg inn i arbeidslivet. Vi snakkar ofte om dei med nedsett funksjonsevne, dei med hol i CVen eller ungdom som fell frå i utdanningsløpet. Men det vert ofte for mykje prat og lite handling. Ein ser her ein stor sjanse til å bruka dette prosjektet også som ein lære- og praksisstad.

For dei som bur på Lurane ønskjer vi det beste. Dei treng pleie og omsorg. Men dei skal samstundes og få ta mest mogleg del i det samfunnet som pulserer utanfor. Vi har bygd tropehagen og gode utesonar skapt for oppleving. No tek vi endå eit steg og løftar eldreomsorga med planlegging av vidare utbygging, Leve heile livet-reforma, livsgledeheim, ernæringsfysiolog-kompetanse og eit moderne kjøken med god matomsorg og oppleving.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ønskjer alle ei god og fredeleg jul.

Laila Reiertsen

Frp

jostein@osogfusa.no