Vil ikkje eit parkeringsbygg på denne byggeklare tomta løysa både parkeringsbehovet for Oseana og langt på veg for Os sentrum?
Vil ikkje eit parkeringsbygg på denne byggeklare tomta løysa både parkeringsbehovet for Oseana og langt på veg for Os sentrum?

Lesarbrev: Parkering på Os - ved Oseana

Det er eitt alternativ som hittil ikkje har vore inne i parkeringsdebatten, merkeleg nok. Det gjeld ei byggeklar tomt nær sentrum, utsprengt og planert og ferdig til bruk: den såkalla «hotelltomta» ved sida av Oseana, skriv Nils Georg Brekke.

Det er all grunn til å gratulera Os kommunestyre med vedtaket om å skrinleggja tankane om eit høgt parkeringshus på den tidlegare Statoiltomta. Samstundes blir det signalisert at parkering i fjellhall må vera den rette langsiktige løysinga. Dette er eit gledeleg vedtak og eit stort steg i riktig retning når det gjeld å finna rom for bilane som vi alle er avhengige av. Eit parkeringsdekk under grusbanen framfor prestegarden, med eit grønt areal oppå, gir ein gevinst, men neppe tilstrekkeleg. Og Riksantikvaren vil gjerne ha synspunkt på arealbruken i dette kulturmiljøet.

Men det er eitt alternativ som hittil ikkje har vore inne i debatten, merkeleg nok. Det gjeld ei byggeklar tomt nær sentrum, utsprengt og planert og ferdig til bruk: den såkalla «hotelltomta» ved sida av Oseana. Alle borgarar i bygda og alle tilreisande, som kan gleda seg over den kulturelle storstova og dei mange flotte arrangementa her, kan også gleda seg – enn så lenge – over at det er mogeleg å parkera her for dei første hundre som kjem til ein konsert. Dei andre må finna ledige plassar i sentrumsområdet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter det som er offentleg kjent, er det ingen bindande avtalar for denne tomta, utover at arealet er godkjent reguleringsmessig til hotellføremål. Det har frå tid til anna versert planar om å få til ei økonomisk utnytting av området, utan at noko konkret har kome ut av dette. Og det kan vel knapt tenkjast ein hotellinvestor i denne regionen som vil satsa kapital på ei tomt som manglar alle kvalitetar, visuelt avstengt og med lite sol og lys.

Denne tomta er 100% byggeklar. Det trengst berre ei omregulering frå hotell til parkering – frå folk til bilar – og denne prosessen kan umogeleg ta meir enn 4-5 månader. Eit parkeringsbygg her vil maksimalt gi rom for 300 – 400 bilar, alt etter høgda på bygget. Dette kan også dekka eit parkeringsbehov inntil fjellhallen blir realisert, og avstanden til rådhuset er ikkje meir enn 400 meter.

Det er vanskeleg å forstå korleis det har vore mogeleg å planleggja bruken av eit så stort anlegg som Oseana utan at parkeringstilhøva er heilt avklara, heller ikkje for Os Sjøfront 2. Det enkle spørsmålet blir då: Vil ikkje eit parkeringsbygg på denne byggeklare tomta løysa både parkeringsbehovet for Oseana og langt på veg for Os sentrum?

Og det er vel dèt mange vonar – at ikkje bilane skal dominera sentrumsmiljøet og at fleire og fleire skal finna det umaken verd å koma til Os og skapa meir liv på Øyro, med attraksjonar som Vognhallen og Os stasjon, Oselvarverkstaden og det historiske tunet på Lyngheim – og Oseana.

Nils Georg Brekke