Det er lagt opp til storstilt utbygging av bustader på Osøyro. Parkeringstilhøyva må løysast no.
Det er lagt opp til storstilt utbygging av bustader på Osøyro. Parkeringstilhøyva må løysast no.

Lesarbrev: Parkering på Osøyro

Skal Osøyro utvikla seg slik sentrumsplanen legg opp til må parkeringstilhøyva løysast ein gong for alle.

Ser i Os & Fusaposten at det framleis er store utfordringar med parkering på Osøyro, og me er kjend med at det blir arbeidd med parkeringsanlegg der idrettsplassen er i dag.

Frp og Høgre har fått fjerna mange arbeidsplassar på Statoilen for å bygga parkeringshus, no sist har dei og fått fjerna brannstasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Parkering i fjell!

I dag køyrer du bortimot over terrassane til folk på veg til Oseana, biltrafikk og gåande er samanblanda utan struktur. Det er lagt opp til storstilt utbygging av bustader på Osøyro. Parkeringstilhøyva må løysast no.

Sp meiner at einaste løysinga på lang sikt er garasjeanlegg i fjell slik dei har i Mandal, Molde, Arendal osv. Sp foreslår innkøyring frå Statoil-tomta med parkeringsanlegg i fjell som kan nyttast som pendlarparkering og parkering for dei som jobbar og handlar på Osøyro.

Parkeringsanlegget vil også fungera som parkering for Oseana med gangveg frå parkering direkte til Oseana.

Når dette er på plass, vil bebuarane som bur i nærleiken ha svært mykje betre butilhøve. Statoil-tomta og brannstasjontomta må nyttast til busshaldeplass slik at vi får eit effektivt kollektivnett mot Bergen direkte fra parkeringsanlegget.

Bydraget eller Osøyro som ein seier, må knytast opp mot parkeringsanlegget med undergang og delar av Osøyro må overbyggast med glasstak.

Havnekchefener eit framandelement og har stengt av torget på Osøyro. Torget på Osøyro skulle vore omkransa av restaurantar, bibliotek og handel. Ein heilskapeleg plan for utbygging er alltid fornuftig.

Sp vil ta styring og forma framtida saman med deg. Stem Sp 9. september!

Mikal Leigland

2. kandidat Sp