Trine Lindborg er mildt sagt forundra over lesarbrevet til Laila Reiertsen.
Trine Lindborg er mildt sagt forundra over lesarbrevet til Laila Reiertsen.

Lesarbrev - svar til Laila Reiertsen: - Rimeleg fantastisk forunderleg

Nokon trur på nissen, nokon trur på «ingenting», og andre igjen trur på alt - spesielt når det kjem i den rette innpakninga.

Punkt nr.1: 

Vi i Arbeidarpartiet gler oss over å endeleg ha fått Frp, Høgre og Venstre til å snu i kjøkkensaka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det må det aldri vera nokon som helst tvil om!

For dette handlar ikkje om oss politikarar, det handlar om bebuarane og tilsette på sjukeheimen.

Punkt nr.2: 

Laila Reiertsen frå Frp seier i sitt lesarinnlegg i Os & Fusaposten og på Midtsiden denne veka at Frp har venta slik på å få setja i gang med kjøkken på Lurane.

Sitat:  Vi, og særs oss i Frp, har vore tolmodige lenge når det gjeld eige kjøkken på Lurane.

Då er det «rimelig fantastisk forunderleg» at dei ikkje har støtta opposisjonen med TVS og Ap i spissen med å byggja kjøkken allereie frå begynnelsen! 

Det har vore fremma både under planlegging, prosjektering og bygging av sjukeheimen. 

Og det har ved kvart einaste budsjettframlegg, og ved fordeling av SIO-midlar, blitt nedstemt! 

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvar einaste representant frå Frp og kvar einaste representant frå Høgre har stemt imot kjøkken i årevis! Dette uavhengig av beløp på framlegga om kartlegging, bruksområde og forprosjekt. Er det det same som å vera tolmodig?

Ja, ja, nokon vel å tru på nissen, nokon trur på «ingenting» og nokon trur på alt, spesielt når det kjem i den rette innpakninga.

Eg meiner at dei mest tolmodige, det er dei som bur og jobbar på sjukeheimen!

God jul, nyt gode dagar, ver snille med kvarandre, vis respekt og raushet.

Trine Lindborg

Bjørnafjorden Arbeidarparti