Dialog: Me sit med eit inntrykk av at kommunen ikkje har hatt god nok dialog med brukarane av fjorden.

Livskvalitet, allemannsretten og kystkulturen må også takast omsyn til ved val av fredingsområde

Då Røtinga og Vinnes vart presentert som dei to føreslegne fredingsområda, var det mange som stussa på desse vala.

Kommunestyret i Bjørnafjorden kommune vedtok 6.mai 2021 at administrasjonen skulle utgreia sak om etablering av fredingsområde for hummar, og føreslå kandidatområde for dette. På digitalt folkemøte 22.02.22 vart forslag til fredingsområde presentert.

Då Røtinga og Vinnes vart presentert som dei to føreslegne fredingsområda, var det mange som stussa på desse vala. Begge områda er av dei mest brukte fiskeområda i kommunen og med størst potensiale for konflikt og nedsett livskvalitet for dei som bur i og brukar området. Me sit med eitt inntrykk av at kommunen ikkje har hatt god nok dialog med brukarane av fjorden, slike som fritidsfiskarar og yrkesfiskarar, i vurderinga og utarbeidinga av potensielle fredingsområde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
– Vi kan ikkje leggja fredingsområda til den yttarste, nakne øy. Vi har ingen slike
Les også
Hummaren vart raudlista i 2021. No vert det føreslått to fredingsområde i Bjørnafjorden

Ut frå omsyn til det naturvitskaplege kunnskapsgrunnlaget, så er områda heilt sikkert gunstig som fredingsområde for hummar. Men, kor mange av innbyggjarane i kommunen innan dei valde områda det får følgjer for, altså det samfunnsvitskaplege kunnskapsgrunnlaget, verkar det ikkje som det har blitt teke omsyn til.

Me meiner ein må finna eit område både hummaren og innbyggjarane i Bjørnafjorden kan leva med. Det må vera eit kompromiss mellom gunstige hummarforhold, og kor mange som vert hardt råka innanfor området. Ein kan ikkje berre ta omsyn til hummarens premissar, ein må også ta omsyn til fiskarane/brukarane i området.

Fredingsområdet må plasserast i eit område der fiskarar, kystkulturen og allemannsretten ikkje blir så mykje påverka som det blir i dei områda som er føreslått no.

Dei fleste av oss er einige i at det er bra å ha fredingsområde for hummar. Men mange er ikkje klar over at det berre er tillate å fiska med handsnøre/fiskestong innanfor fredingsområda. Dette vil seia at all fiske med garn, teiner og liner er forbode innafor området, heile året, i 12 år. Dette grip inn i allemannsretten vår til å hausta av havet.

Problemet med fredingsområdet er ikkje forbodet mot å fiske hummar. Problemet er at ein ikkje får driva med tradisjonelt fiske med andre reiskapar i området. Fritidsfiske med garn er vel så viktig for dei fleste enn hummarfiske, og difor gjev garnforbodet store konsekvensar for fiskeriaktiviteten heile året.

Fritidsfiske som rekreasjon og for matauk er ein viktig del av kystkulturen. Fritidsfiske gjev betre livskvalitet, fysisk og psykisk vinst gjennom blant anna sunn mat på bordet, fysisk aktivitet og nærleik til naturen.

Les også
Inviterer til digitalt folkemøte om freding av hummar i Bjørnafjorden

Ein bør difor velja eit fredingsområde som ikkje har tett busetnad, det vil seia der det er få som har sin tilgang til «den blå åkeren». Då kan ein minimera negativ påverknad av fredingsområda i forhold til allemannsretten og kystkulturen, og med dette redusera negative konsekvensar og gje lågare konfliktnivå. Me ynskjer å finna eit område som er mest tenleg for alle partar.

Områda som er føreslegne no vil forringa fritidsfisket til eit heilt øysamfunn og ei heil bygd. For mange som bur i Bjørnafjorden kommune er dette «godet» til å hausta frå havet rett utanfor eiga stovedør, svært viktig både for livskvalitet, matauk og rekreasjon, og ein stor grunn til at me bur der me bur. Me forventar at dei folkevalde politikarene i kommunen forstår viktigheita av dette, og at det må takast omsyn til i val av fredingsområde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hallvard Godøy

Dagfinn Solberg

Christian Pedersen

Geir-Atle Abotnes

Jon Djupvik

Les også
Meiner det bør opprettast fredingsområde for hummar på begge sider av fjorden