Kva vil det koste?: PWC har tilrådd at vi legg ned seks skular, i tillegg til ei rekkje andre dramatiske grep. Kva vil det koste samfunnet og bygdene å gjere det?

Mange kommunale manglar

Bjørnafjorden slit med fleire langvarige manglar. Vi manglar mellom anna pengar.

Ina Søviknes utfordra i mars dei politiske partia på desse utfordringane, men har fått lite svar så langt.

Manglande pengar er eit viktig symptom på andre manglar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi har for få faggrupper i skulen til å følge opp ungdomens psykiske helse, noko som også er relevant for vald og trugslar i skulen. Vi har for lite kapasitet til å stø næringslivet skikkeleg. Vi har for lite ressursar til å fornye og følge opp kommunale planar. Vi har for få hender i helsetenestene. Vi har framleis for få fastlegegar. Vi har vedlikehaldsetterslep på vatn og avløp, reasfaltering og trafikksikring.

Nye Bjørnafjorden kommune fekk langt dårlegare økonomi enn kommunestyra i Os og Fusa vart førespegla. Dei siste fire åra har det blitt progressivt verre sjølv om kommunen har kutta både i tilbod og tilsette i fleire år. Det er vanskeleg å kutte meir når ein mange stader har kutta til beinet. Enkle tiltak er gjennomførde for lenge sidan.

Eigedomsskatt er inga magisk universalløysing. Men det er eitt av svært få økonomiske verktøy kommunen sjølv kan kontrollera. Etter kommunereforma har MDG foreslått å utgreie eigedomsskatt i 2019, 2020, 2021, 2022 og 2023.

Det vi ber om, er at eigedomsskatt blir utgreidd for å sjå korleis det kan hjelpe kommunen med å levere gode tenester til innbyggarane samtidig som vi tar omsyn til dei med svakast økonomi, spesielt i ei dyrtid som no.

Det er mange måtar å innrette ein eigedomsskatt på. Med unntak av MDG og SV, har alle partia i kommunestyret stemt mot kvar einaste gong. Dei vil ikkje ha utgreiing; som Terje Søviknes sa tydeleg - “vi veit ikkje og vi vil ikkje vite”. For oss i MDG er ukunne skumlare enn innsikt.

PWC har tilrådd at vi legg ned seks skular, i tillegg til ei rekkje andre dramatiske grep. Kva vil det koste samfunnet og bygdene å gjere det? Ingen parti vil leggje ned alle desse skulane, men det er ikkje mange parti som har ein truverdig plan for å unngå det.

Kva vil eigedomsskatt koste husstandene? Kommunestyret vil ikkje rekne på det, men nokre enkle analysar viser at gjennomsnittet per husstand kan liggje ein stad mellom 200 og 600 kroner i månaden.

Nyleg har det same fleirtalet i kommunestyret vedteke å auke SFO-prisane med kr 210 per månad for elevar på 1. og 2. trinn og kr 475 for elevar på 3. og 4. trinn. Ap tok ikkje ein gong ordet då saka vart handsama.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om vi hadde lagt denne kostnaden på resten av husstandane, kunne vi potensielt unngått skulenedleggingar og mange grove kutt i tenestene. Men førebels har det synt seg at eit fleirtal i kommunestyret meiner at det er småbarnsforeldre som skal betale meir for skrantande kommuneøkonomi. Snart er det helsesektoren. Kva vert det neste?

Ina Søviknes spør om strategien kommunen vel for å løysa utfordringane, vert påverka av politiske føringar. Svaret er ja. Dei som er best representerte etter valet får mest makt. Kven som sit med makta er avgjerande for kva løysingar kommunen vil gå for.

Nils-Anders Nøttseter

1. kandidat Miljøpartiet Dei Grøne