Me er uroa

Underteikna representerer verksemder som årleg omset for fleire milliardar kroner.

I samband med budsjettprosessen for 2024, har kommuneleiing og politiske parti i Bjørnafjorden kome med fleire drastiske kuttforslag. Eit av desse forslaga er avvikling av legevakttenesta i Eikelandsosen.

Dette er eit forslag som etter vårt syn vil føra til svært negative verknader for liv, helse, beredskap og negative utviklingsmoglegheiter for «Fusasida» av Bjørnafjorden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er nokre utfordringar i samband med dette kuttforslaget som me meiner ikkje er kartlagt og vurdert i det heile. Underteikna representerer verksemder som årleg omset for fleire milliardar kroner.

Aktiviteten vår gjev viktige arbeidsplassar, inntekter og ringverknader for innbyggjarar, samt store og viktige inntekter for Bjørnafjorden. I notid og framtid har me eit stort behov for nye medarbeidarar som vil og kan bu i nærleiken av der produksjonen og aktiviteten vår skjer.

Å gjera det attraktivt å busetja seg på «Fusasida» av Bjørnafjorden er allereie ei utfordring for oss. Ei avvikling av legevakttenesta i Eikelandsosen gjer denne utfordringa mykje større. Dette bekymrar oss svært sterkt.

Det kan vera at legevaktordninga i si noverande form må justerast, men ei avvikling er eit for drastisk tiltak. Bjørnafjorden kommune sin økonomi og framtid er heilt avhengig av attraktive lokalsamfunn og levedyktige verksemder.

Bjørg Mette Antonsen

Dagleg leiar AS Bolaks

Sondre Eide

Dagleg leiar Eide

Artikkelen held fram under annonsen.

Bengt Holme

Managing Director Framo Fusa AS and Manager Framo Operations

Espen Borgen Nordtveit

Dagleg leiar AS Sævareid Fiskeanlegg

Stig Tveit

Dagleg leiar Tombre gruppen

Tove Hjartnes Fosså

Dagleg leiar Fusa Kraftlag SA