Arrogant: Dette er meir enn “nesten litt pinleg”, det er ei arrogant haldning til dei demokratiske spelereglane.

Meir enn “nesten litt pinleg”

Det er kjempeflaut, heile greia.

Det er flaut at lokalavisa ikkje tar ein telefon til dei som blir stempla av ordføraren. Det kjem mange påstandar frå Søviknes i denne saka som burde vore faktasjekka og som skulle ha vore imøtegått samtidig (Ver varsam-plakaten 4.14). Ingen av oss som har levert lovlegkontrollen har blitt kontakta av avisa om denne saka, og Trine Lindborg måtte ringa avisa i etterkant for å påpeike feilaktige påstandar. Avisa har justert saka noko, men har ikkje ført rettelogg (Ver varsamplakaten 4.13).

Les også
Tek saka om ordførarens ferieforfall vidare: – Nesten ikkje til å tru
Les også
Her er ordføraren på veg til Syden. Det likte Nøttseter dårleg.

Men først og fremst er det pinleg, det Søviknes driv med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi er samde med Søviknes at ferielova ikkje angår folkevalde, elles måtte nok ordførar ha avtalt ferieplanane sine med heile kommunestyret - som er det næraste vi kjem ein arbeidsgjevar. Det var forøvrig Frp sjølve i formannskapet som påstod at ferielova var eit relevant argument.

Fråvær for folkevalde skjer heile tida, og ofte er folk innkalla på kort varsel (sjølv fekk eg innkalling to timar før møtestart grunna sjukdom). Nokre gonger er det innkalla vara på grunn av habilitet. Av og til har det dukka opp viktige ting i livet eller hos arbeidsgjevar som gjer at ein må melde forfall, og då skal ein gjere det så snart som råd er.

Det er slett ikkje tilfellet i denne saka. Ordførar hadde ikkje varsla formannskapet eller gruppeleiarane om at han skulle ta fri frå vervet sitt, sjølv om det framgår i avisa at han hadde visst om det i nesten eit år.

Han hadde full anledning til å melde frå om dette på fleire tidspunkt. Årleg vedtek vi kommunens politiske møtekalender. Om Søviknes har visst sidan mai 2023 at han ville reise bort ved eit av møta då vi vedtok kalenderen, kunne han til dømes foreslått ny dato som passa, eller gjort kommunestyret merksam på situasjonen og avtalt at varaordførar kunne leie kommunen den veka. Det ville vore ei fleksibel tilnærming slik han sjølv etterlyser.

Men nei. Han gav ikkje beskjed. Vi las rett nok i avisa at han reiste bort, men det stod ikkje kor lenge, og det er ikkje det same som å formelt melda forfall. Dette er meir enn “nesten litt pinleg”, det er ei arrogant haldning til dei demokratiske spelereglane. Som folkevalde har vi etter lova plikt til å delta i møta i dei organa vi sit i, med mindre vi har gyldig forfall.

Vi tek ikkje lett på lovlegkontrollar, og forrige lovlegkontroll som Søviknes viser til, var ikkje MDG ein del av. Vi opplevde ikkje den saka som veldig alvorleg. Men respekten for oppmøte i demokratisk valde organ, ser vi svært alvorleg på, og prinsipielt er det viktig å avklare om ein kan omgå den generelle møteplikten alle vi folkevalde har, ved å ta seg ferie når ein sjølv ønskjer det.

Og kven er eigentleg ordførar når ordføraren har fri utan avklaring? Varaordførar Bruarøy tok ikkje over heile ordførarrolla dei vekene Søviknes var ute av landet. Kommunen bør ha ein fungerande ordførar til stades på rådhuset kvar dag. Det er mellom anna viktig for beredskapen at kommunal kriseleiing er avklart til ei kvar tid.

Ordførar er godt honorert på fleire folkevalde nivå, og ein må kunne forventa at han gjer jobben det inneber. Om han meiner han ikkje kan reisa bort i skuleferiane når det ikkje er politiske møte, bør han sjølv ta initiativ til ønskt fleksibilitet og visa respekt for sitt embete og dei folkevalde organa. Ordføraren er forøvrig den einaste i kommunestyret som er honorert som heiltidspolitikar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølvsagt skal folkevalde kunna ha fri, ta ferie og gjerne reisa vekk. Men ikkje når som helst og utan å melda frå.

Nils-Anders Nøttseter

Gruppeleiar

Miljøpartiet Dei Grøne