Balansert samarbeid: Venstre meiner at vi må ha eit balansert samarbeid mellom offentleg og privat sektor for å løysa utfordringane vi står framfor innan miljø og klima.

Miljø og klima er blitt viktigaste tema for mange veljarar

For første gong ser det i år ut som at miljø og klima blir eit sentralt tema når vi som veljarar røyster dei neste to vekene.

Etter at FN sitt klimapanel la fram ein urovekkjande rapport tidleg i august, syner meiningsmålingane ein solid framgang for miljøpartia SV, MDG og Venstre. Til saman har dei no støtte frå om lag 20% av veljarane. Dette er gledeleg, synest eg. Uansett kva parti som blir sitjande med regjeringsmakta frametter, vil dei ganske sikkert bli avhengige av samarbeid med minst eitt av desse partia.

Som Venstre-medlem og tidlegare aktiv lokalpolitikar, er eg glad for at miljø og klima får ein rettmessig meir sentral plass i det politiske liv både nasjonalt, regionalt og lokalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lokalt i Bjørnafjorden synest eg at både MDG og SV gjer eit solid arbeid og fortener støtte frå veljarane her. Eg vonar at mange også set pris på den mangeårige innsatsen Venstre har lagt ned for å tala miljø og klima si sak i samfunnsdebatten.

Det som først og fremst skil Venstre frå SV og dels MDG, er at Venstre meiner at næringslivet er sentrale og naudsynte å samarbeida med for å nå dei klimamåla som Paris-avtalen forpliktar oss til. Venstre meiner også at klimautfordringa ikkje kan løysast utan omfattande internasjonalt samarbeid. Venstre vil difor byggja vidare på EØS-avtalen og utvida samarbeidet med andre demokratiske land - særleg i Europa.

Under handteringa av korona-pandemien har vi sett kor viktig det er å samarbeida på tvers av landegrensene. Vi har også sett kor avgjerande det har vore å dra nytte av den internasjonale farmasiindustrien for å utvikla og produsera vaksinar for alle land i verda. Big Farma har på ingen måte eit godt ord på seg, men har vist seg avgjerande nyttig for å slå ned og redusera dei alvorlege følgjene av koronaviruset.

Venstre meiner at vi må ha eit balansert samarbeid mellom offentleg og privat sektor for å løysa utfordringane vi står framfor innan miljø og klima. Delar du eit slikt syn, er Venstre det rette miljøpartiet for deg. Godt val!

Egil Haugland

Bjørnafjorden Venstre