Inkludering: I MOT jobbar vi for å skape robuste ungdommar som inkluderer ALLE, slik at ingen skal kjenne seg einsame eller utanfor. Foto: MOT

MOT til å glede-dagen

Har du nokon gong tenkt på at det smilet du gir til ein annan, kan vere det einaste smilet ein person får i løpet av dagen?

Har du nokon gong tenkt på kor godt det er å møte nokon som ser deg i augene og seier «hei»?

Har du nokon gong tenkt på korleis dagen din hadde vore utan vener og familie rundt deg som du veit er glad i deg, uansett kva du har oppnådd den dagen?

Du skal aldri undervurdere effekten av dei små bidraga du kan gi til eit meir inkluderande samfunn. For det er ikkje alle som har nokon å kome heim til.

I MOT jobbar vi for å skape robuste ungdommar som inkluderer ALLE, slik at ingen skal kjenne seg einsame eller utanfor. Det krev toleranse, aksept av ulikskapar og trygge miljø der unge og vaksne gjer kvarandre verdifulle. Det krev også MOT. MOT til å bry seg. Bry seg med eit smil, eit nikk eller eit hei. Det kan vere små ting - men det kan bety mykje.

I dag blir MOT til å glede-dagen arrangert over heile landet. Fleire tusen ungdommar er med på å spreie glede. Ved å glede andre med enkle middel kan vi skape eit varmare samfunn for alle.

Set pris på kantinedama på skulen eller på arbeidsplassen som kvar dag gir deg lunsj. Sei takk til bestevenen din som alltid er der for deg. Eller til bussjåføren som køyrer deg trygt til skulen eller til jobb kvar dag. Vis at du ser dei, og set pris på dei! For hugs: Vi greier bare å hindre utanforskap og skape eit inkluderande samfunn dersom både vaksne og ungdom viser mot, ser kvarandre og tar ansvar.

Kjære alle saman: Ha ein fin MOT til å glede-dag!

Om MOT til å glede-dagen

•MOT til å glede-dagen har blitt arrangert sidan 2004

•MOT styrker ungdom til å vere robuste og til å ha mot gjennom livsmeistringsprogram i skulen

•Viktigste innsatsområde er MOT sitt program i ungdomsskulen og vidaregåande skule. MOT har partneravtalar med over 270 skular.

•MOT sine dokumenterte resultat er mindre hyppig mobbing, færre ungdom utan ein einaste ven, mindre psykiske vanskar og mindre hyppig rusmisbruk.

MOT Norge/MOT Os