Tull: — Hev fartsgrensa og slutt med dette “tullet”, skriv Geir Magne J. Moberg.

“Når halvparten køyrer for fort her, er det klart me kjem tilbake”

Dette var utsegna i Os & Fusaposten om fartskontrollane på strekninga “Bedehuset-Thuen”. Uttalen kom frå politiet sjølv.

Eg er klar tilhengjar av lovverk anten dette er i trafikken eller elles.

Eg sit som vald medlem som meddommar i Gulating lagmannsrett, og eg er oppteken av at vi skal følgja det som me i fellesskap synest er rett og riktig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har vore mange diskusjonar om korleis ressursane våre skal nyttast og då spesielt på tryggleiken vår.

Politiet til liks med mange andre, slit med økonomi, mannskap og å få nok til å handsama alle dei oppgåvene dei er sette til.

Alle reglar og lover må vera slik at folk skjønar kva og kvifor.

Til dømes skjønar dei aller fleste at ein ikkje skal køyra under rus, stela frå kvarandre eller utøva vald.

Men det å nytta ressursane på å skapa “kriminelle” som køyrer i 60 km/t langs denne strekninga eller nedover i Storumbakken i same fart, er med på å skapa mistru og lite respekt for våre fartsgrenser, reglar og lover.

Nett her på desse strekningane og tilsvarande, er det meir naudsynt å følgja med på kva som skjer langs vegen og ikkje på speedometernåla.

Vi snakkar ikkje om råkøyring — vi snakkar om ei naturleg kjensle av farten.

Som til dømes på strekninga Bedehuset-Thuen, eller aller helst motsett veg der det er nedoverbakke, er det god og brei vegbane, breitt fortau og ingen tilstøytande vegar. Her er god oversikt og det hadde vore heilt naturleg å køyra i minst 60 km/t.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg har aldri høyrt om ei alvorleg eller mindre alvorleg ulukke her.

Så kvifor desse kontrollane?

Bruk ressursar på andre plassar og andre ting, og la oss få behalda vår tillit til politi og reglar, for det trengst.

Eg ser ikkje nokre anna motiv enn pengeinnkrevjing her — i alle fall ikkje tryggleikspolitikk.

Hev fartsgrensa og slutt med dette “tullet”.

Det er klart de kjem tilbake når halvparten finn det unaturleg å halda fartsgrensa …