Engasjerte: Bakerst frå venstre: Marie Ingeborg Kroka, Vicky Georgina Bøe. Fremme: Livine Kroka, Vemund Kroka, Aubrey Sigvard Pridmore Bøe

Nedlegging av sentrumsskulen er i strid med vedteken kommuneplan

På Os barneskule har sønene og døtrene våre gode rammer. Dei leiker og lærer i kjende og trygge omgjevnader.

Kompetente tilsette har nytta pedagogiske evner, hender og hjarte, til å dyrke fram ein kultur som er inkluderande og venleg. No har kommunen gjennom rådgjevingsselskapet PwC hatt sparebrillene på, og funnet ut at barna kan betale prisen for å stable kommuneøkonomien tilbake på beina. Dette til trass for at det er dei vaksne som har styrt den økonomiske skuta, samstundes som dei har sove i timen.

Frykt og uro

Oppskaka elevar har kome heim frå skulen. I ein familie høyrdest det slik ut, i det 8-åringen kom med hast inn døra:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mamma og pappa, eg har VERDAS VERSTE nyhende å fortelje dykk. Politikarane har lyst å legge ned skulen vår! Den fine skulen vår. Dette er den verste dagen i mitt liv.

I friminuttet hadde nokre elevar i skulegarden fått med seg at det var snakk om skulenedlegging. Uro spreidde seg slik berre uro kan. Politikk og kommuneøkonomi måtte brått bli tema i klasseromma.

Elevane frykter å bli skild frå vener, og splitta mellom tre ukjende skular. Med nedlegging av Os barneskule kan realiteten kan raskt bli at ein venetrio som har funne saman på Os, blir splitta, og sendt til kvar sin kant for å fullføre skuleløpet. Av den grunn at dei bur på kvar si side av dagens barneskule.

Elevane fryktar å måtte starte på nytt i eit stort miljø med elevgrupper som allereie er etablerte og har sine nettverk og rutinar.

Elevane fryktar å miste lærarane som har brukt tid og innsats på å bygge trygge relasjonar.

Elevane fryktar å bli fråteken dei fantastisk flotte uteområda, som dei er så glade i, mellom anna med nyopna leikeplass.

For stort miljø er problematisk

Vi føresette støtter ungane i deira syn. Vi deler bekymringane. Spesielt uroa er vi med tanke på dei sårbare barna. Tryggleik er grunnsteinen som må vere på plass for at alle barn skal kunne trivast og læra. For å oppnå tryggleik må ein bli sett, høyrt og teken på alvor. Det vil alltid vera lettast å oppnå når miljøet ikkje er for stort.

Vi reagerer på at PwC lister opp «større miljø for barna» som positiv konsekvens av skulenedlegging (PwC, 2023). Om ein spør dei nær 200 elevane som høyrer til Os barneskule, trur vi dei sjølve synes dei har meir enn stort nok sosialt og fagleg nettverk å spele på. Spørsmålet ein i staden burde stille seg, er om det er riktig å gripe inn i den trygge skulekvardagen til 200 barn, med planar om nedlegging, splitt og hersk?

Artikkelen held fram under annonsen.

I strid med vedteken kommuneplan

Attpå til er det snakk om sentrumsskulen. Rundt Os barneskule bur mange familiar som klarer seg til fots i kvardagen. Å klare seg utan privatbil burde være idealet i 2023.

Dei fleste som soknar til Os barneskule vil bu langt nok unna alternativskulane til at logistikken får ein solid knute på tråden, men nære nok til at dei ikkje får innvilga skulebuss.

Å måtte gå dei ekstra kilometrane i motbakke, på ny skuleveg til Borgafjellet eller Kuventræ er ikkje spesielt innbydande i haustmørket eller på vinterglatta. Kva gjer ein då?

Andre kommunar driv med fortetting. Det har vår kommune også vore tydelege på at dei ynskjer. I den vedtekne samfunnsdelen av kommuneplanen (Bjørnafjorden kommune, 2022) kjem det fram at ein må unngå å plassere sentrumsfunksjonar på stader som gjer at det blir auka transportbehov: «Det betyr at det ikkje er noko smart løysing å plassera sentrumsfunksjonar utanfor sentrum. Vi skal plassera dei slik at dei støttar opp om det sosiale livet i bygdene og tettstadane våre – og bidrar til sosial utjamning og god folkehelse.»

Vi frykter at ei desentralisering av barneskulen i Os vil føre til større utanforskap for dei som treng fellesskapet aller mest.

Skule på sparebluss

§9A-7 i opplæringslova (Opplæringslova, 1998) slår fast at skulane skal planleggjast, byggast, tilretteleggast og drivast slik at det blir teke omsyn til tryggleiken, helsa, trivselen og læringa til elevane.

Skuleeigar pliktar å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i opplæringa. Kvalitetsmelding 2021 for Bjørnafjorden kommune (Bjørnafjorden kommune, 2022) slo fast om eigen kommunedrift:

– Vi bruker framleis mindre pr. elev enn landet og Vestland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er situasjonen i Bjørnafjorden kommune. Ein nyttar langt færre kroner per elev enn dei vi samanliknar oss med, og no skal det sparast enno meir. Det finst ei grense for kva som er mogeleg å få til gjennom gode intensjonar, effektivisering og ynskjetenking. Den grensa er allereie overskrida.

I rapporten sto det også at fleire skular ikkje oppfylgde den lovpålagte lærarnorma skuleåret 2021-2022. Elevane våre har rett på fleire trygge vaksne, ikkje færre.

Vekst forpliktar

Med ny tunell som knytt oss nærare Bergen, er det truleg at fleire vil velje å busette seg både i kommunen vår og i sentrumskjernen. Mange bustader er planlagt, eller allereie under oppføring (Byggfakta, 2023).

I 2020 kommenterte ordførar Trine Lindborg (Ap) følgjande til NRK (Julianne Bråten Mossing, 2020), i samband med at folketalet for Bjørnafjorden var spådd til å auke raskast i Vestland:

– Det er jo stas, men vekst forpliktar. Det krev god samfunnsplanlegging slik at vi kan yte gode tjenester til innbyggarane våre.

Avgrensa innteningsmoglegheiter

For dei som håpar på lønningsdag, vil det truleg ikkje klinge mykje mynt i kommunekassa, om ein vel å legge ned Os barneskule.

Eigedomsregisteret kan fortelje at tomta ikkje tilhøyrar kommunen. Om ein til trass for det over 100 år gamle skulebygget, og steinalderfunn midt på skuleplassen (Camilla Kvamme, 2023) skulle få lov å rive og byggje, er det ikkje kommunen og fellesskapen som vil hauste fruktene.

Elevane fortener tryggleik

Elevane går med klump i magen. Det fortener dei ikkje. Hugs også, at når det kjem til psykisk helse, er det langt billegare å førebygge enn å reparere. No ynskjer vi at politikarane våre tenkjer seg grundig om før dei snur opp ned på liva til nær 200 barn og familiane deira. Elevane treng den gode skulen sin, med tryggleik og ro, som gjev rom for å vera og å læra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stolte foreldre tilknytta Os barneskule

Cecilie Askeland, Marte H. Askeland, Anne Grete Bergtun, Ranveig Boge, Vidar Aspenes, Mariann Brendehaug, Bjørn T. Bøe, Vicky Georgina Bøe, Helene Davanger, Ingvild Hallesby Evjedal, Roar Evjedal, Agathe Fagerland, Magnus Fjeld, Jenny Gausland, Marit Færvaag Gjerde, Marianne Grytten, Isabel Søilen Havsgård, Jarle Helgesen, Ingrid Hetlevik Halland, Daniel Hove, Mari Nesvold Hove, Stian Lunde, Lene Lyssand, Mathilde Ilper Johnsen, Jan Moberg, Kaja Kjelgård, Kine Kristiansen, Jostein Kroka, Marie Ingeborg Kroka, Ina Arnoldsen Larsen, Anne Kathrine Mjåtvedt, Bodil Røttingen Myklebust, Jørdis Nadler, Harald Natvik, Nina Therese Nesbø, Monica Nilsen, Ingelinn Nordaas, Lene Sæbø Noss, Anastasia Olsen, Tommy Olsen, Vivian Olsen, Hallvard Rosvold, Caroline Brandt Rød, Tina Lyssand Rød, Christine Sandtorv, Synnøve Tvedt Skarstein, Anne Marie Ytredal, Einar Ytredal, Frode Qvale

Initiativtakar: Vicky Georgina Bøe

Forfattar: Marie I. Kroka

Referanser

Bjørnafjorden kommune. (2022, 07 04). Kvalitetsplan for oppvekst og kultur. Henta frå Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden kommune. (2022, 11 03). Samfunnsdelen av kommuneplan for Bjørnafjorden kommune 2023-2035 Vedtatt 3.11.2022. Henta frå Bjørnafjorden kommune.

Byggfakta. (2023, 09 05). Alle planlagte byggeprosjekter i Bjørnafjorden. Henta frå Byggfakta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Julianne Bråten Mossing, L. R. (2020, 09 07). Fylket spår dobbelt så mye vekst som SSB: – Rart at det spriker såpass. Henta frå NRK.

Opplæringslova. (1998, 11 27). Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) LOV-1998-07-17-61. Henta frå Lovdata.

PwC. (2023, 02 13). Rapport Oppvekst Bjørnafjorden kommune 13. februar 2023. Henta frå Bjørnafjorden kommune.