Sentrum vs krinsane: - Det hadde vore veldig fint om det var like stor politisk stas med liv og røre i krinsane som i sentrum. (Illustrasjonsfoto)

Nedlegging av skular - eit årleg uromoment og kortsiktig politikk

Kvart einaste år, i tiårsvis, kjem diskusjonen om nedlegging av skular, og folk uroar seg, som rimeleg er.

Det ein har oppnådd til no etter alle desse årlege, fånyttes diskusjonane, er å skapa uro og usikkerheit om framtida for folk i krinsane.

Etter mykje om og men, er fire skular nedlagde og tre er erstatta av private skular. For folk vil ha skule i bygda, og får dei ikkje kommunale tenester, er det mogleg å ordna det på anna vis.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utgiftene til kommunen er trulig omlag det same. Ein skule står tom og ubrukt, men kostar sikkert nokre kommunale kroner likevel.

Denne årlege uroa om skulenedlegging synest eg folk skal få sleppa. Både Fusa og Os kommunar har overlevd med dei skulane dei har, også i tronge tider, og dei vil sikkert klara det framover som éin kommune.

Vi veit at kommunen har økonomiske utfordringar og at det merkast på tenestene til både unge og eldre. All ære til både politikarar og administrasjon som strever med å få det heile til å henga i hop, og som må skjera både ned og inn til beinet.

Men vent med snakket om løysingar til heile det økonomiske biletet er klart og det ligg føre konkrete framlegg til løysing.

Når ein ikkje har lagt ned fleire krinsskular tidlegare, er vel grunnen at det ikkje var mykje å spara på det, eller at skulen er viktig for krinsane. Og når det no er snakk om å leggja ned sentrumsskulen i gamle Os, er vel det eit signal om at ein ikkje vil ha unge folk her heller?

Det hadde vore veldig fint om det var like stor politisk stas med liv og røre i krinsane som i sentrum. Så kanskje slepp vi gamle å sitta igjen åleine i utmarka. Det vil vera god eldreomsorg også.

Eller skal vi klumpa oss saman i tronge, fortetta bumiljø i eit sentrum utan ungar. Det blir kanskje effektiv drift av heimetenestene, men kanskje ikkje så mykje liv på øyro av det.

Elsie Krey Solnes Grotle