Må stå saman: – Politikarar og kommuneleiing må stå saman om dei vanskelege avgjerdene, for vanskeleg og upopulært blir det uansett.

No er det tid for å vise politisk leiarskap!

Veljarane skal kunne forvente at vi som politikarar tek alvoret inn over oss og forstår oss på kva utfordringar som ventar oss

Vi går ei krevjande tid i møte. I siste tertialrapport seier kommunedirektøren: “Vi treng å stå saman i den økonomiske situasjonen vi er i. Eg kan ikkje få understreka nok kor alvorleg den er. Lukkast vi ikkje med å gjennomføre dei tiltaka som kommunestyret no har vedtatt, så er eg redd ROBEK er faretruande nær.” Dette alvoret har kommunedirektøren kommunisert til oss folkevalde over lengre tid.

Det er ein risiko for at vi som folkevalde er for passive i denne situasjonen. Det er bekymringsfullt at vi politikarar tek rapportar til orientering og omdisponerer midlar, men er forsiktige med å sette inn tiltak knytt til rotårsak til meirforbruk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Veljarane skal kunne forvente at vi som politikarar tek alvoret inn over oss og forstår oss på kva utfordringar som ventar oss. No må vi i alle parti stå fram og utøve det politiske leiarskapet som må til for at kommunen vår skal lukkast. Vi må ta ansvar og gå inn i og dukke ned i prosessen saman med administrasjon og tillitsvalde.

Konkrete innsparingar, eventuelt meirinntekter, må koma frå kommuneleiinga, som i tett dialog med tillitsvalde peiker på gjennomførbare tiltak. Likevel kan politikarane sjå løysingar som kommuneleiinga ikkje fremjar.

PwC har til saman foreslått tiltak for kostnadsreduksjon/inntektsauke dei komande åra med ein effekt på tilsaman 141 millionar kroner. Kommunestyret gjekk 30.03.2023 inn for dei fleste av tiltaka som låg i PwC-rapportane. PwC peikar på potensiale for kostnadsreduksjon/inntektsauke, men fortel oss lite om korleis ein skal oppnå dette.

Eg vil minne oss alle om at vi ikkje har klart å bøte på meirforbruket i forkant av tiltaka frå PwC-rapportane. Kva då når PwC tiltaka skal gjennomførast, med mindre bemanning, redusert vikarbruk og risiko for auka sjukefråvær? Risikoen er med andre ord stor for at ein ikkje vil lukkast. I så fall vil ein måtte innføre eigedomsskatt og likevel vil ikkje det vere tilstrekkeleg.

Frå KrF vil vi peike på alvoret i situasjonen og behovet for at vi folkevalde tek eigarskap til utfordringane og går inn og utøver politisk leiarskap. Tida der vi kunne ta saker til orientering er forbi.

No må vi ta eit større ansvar og tydeleggjere korleis rolla vår skal utøvast slik at vi kan bidra til at kommunen skal kunne lukkast med å få kontroll på økonomien og samstundes levere forsvarlege tenester til innbyggjarane.

Politikarar og kommuneleiing må stå saman om dei vanskelege avgjerdene, for vanskeleg og upopulært blir det uansett.

KrF vil arbeide for og bidra til

Artikkelen held fram under annonsen.

(1) at vi får eit styringsdyktig fleirtal som søkjer breie politiske løysingar.

(2) at rolla til politisk leiing og til formannskapet blir tydeleggjort

(3) at vi som politikarar tek eigarskap til omstillingsprosessen.

(4) at vi samarbeider på tvers av partia for å nyttiggjere oss av erfaring, kompetanse og løysingar vi som politikarar og parti har, til det beste for innbyggjarane våre.

Stem gjerne på meg og KrF dersom du har sans for korleis vi vil ta tak i utfordringane til kommunen vår.

Jakob Enerhaug

1. kandidat

Bjørnafjorden KrF