Set i gang straks: Miljøpartiet Dei Grøne i Bjørnafjorden oppmodar Erna Solberg og hennar regjering om å setja i gang straks.

Nok venting, nok somling – Moria brenn

No kan vi ikkje venta lenger, no kan vi ikkje hjelpa nokre få.

Etter mykje press vedtok Stortinget å ta i mot nokre born frå flyktningleiren i Moria. Etter mykje somling gjer dei no førebuingane til å gjennomføra vedtaket.

Medan vi masar, ventar og somlar her i Noreg, har koronapandemien nådd ein leir der smitteverntiltak slik vi kjenner dei, ikkje lar seg gjennomføra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter at vi har sett på denne krisa i vår eigen verdsdel i lang tid, brann dei få fasilitetane desse menneska hadde ned til grunne. No kan vi ikkje venta lenger, no kan vi ikkje hjelpa nokre få.

Om alle europeiske land tar 500 flyktningar kvar no, gjev vi alle i leiren sjansen til å få asylsøknaden handsama på ein god måte, og vi gjev dei tryggleik og menneskeverd medan dei ventar. Det kan ikkje vera for mykje å be om. Det kan ikkje vera noko å lura på.

Miljøpartiet Dei Grøne i Bjørnafjorden oppmodar Erna Solberg og hennar regjering om å setja i gang straks, og vi ber om at dei gjev Bjørnafjorden kommune og oss som bur her, utfordringa med å ta i mot nokre av dei som kjem hit.

Torgeir Skjælaaen

Kommunestyrerepresentant

Miljøpartiet dei Grøne

Nestleiar i tenesteutvalet