Tydeleg røyst: Oppdrettar Sondre Eide kjem med ei tydeleg oppmoding til norske styresmakter.

Noregs Kodak-moment

Historia er full av marknadsleiarar som ikkje evnar å utvikla seg, og felles for dei alle er at dei no berre er eit kapittel i historiebøkene.

Det er ikkje lett å koma til toppen, men det er endå vanskelegare å bli verande der.

Noreg har ei stolt havbrukshistorie, og me har lenge produsert mat til verda med lågare avtrykk og mindre naturinngrep enn landbasert dyreproduksjon. Det har gjort Noreg til verdas leiande havbruksnasjon, noko som har skapt enorme verdiar for fellesskapet, arbeidsplassar langs heile kysten og kvalitetsprodukt til forbrukarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det er inga sjølvfølgje at det held fram slik i framtida.

Eg er utruleg stolt over det 'besten' starta og 'papen' vidareutvikla. Dei gjorde sitt for å utvikla oppdrettsnæringa, men eg veit at på same måte som dei visste, at me ikkje berre er oppdrettarar, men entreprenørar.

Nokon som tilpassar seg verda eller døyr ut.

Det besten gjorde, var ikkje godt nok når papen dreiv, så far min utvikla da vidare, og på same måte er det min generasjons fordømte plikt å utvikla næringa vidare.

Denne kommentaren stod fyrst på trykk hos IntraFish.no

Dette er vår sjanse

British Columbia sitt krav til lukka anlegg innan 2029 er eit tydeleg teikn på at Noreg må innføra sterke insentiv for utvikling av lusefri teknologi. Me må handla no for å halda vår posisjon og leia den globale utviklinga av berekraftig havbruk.

Dette er vår sjanse til å visa verda at Noreg framleis er leiande innan innovasjon og miljøansvar i havbruksnæringa.

Det er sjølvsagt ikkje vanskeleg å forstå kvifor mange andre land ynskjer å verta betre enn Noreg på havbruk. Alle veit at verda treng meir sjømat i framtida, for å metta ei veksande befolkning, samstundes som me løyser klima og naturkrisene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Noreg har unike moglegheiter, men sit me stille i båten, så vil me søkka.

Alle hugsar kor dominante både Manchester United og Rosenborg var på 90-talet. Dei hadde dei beste spelarane, trenarane og økonomien. Elektrisk Bureau dominerte fasttelefonane, Kodak var verdas største kameraprodusent, og Blackberry rådde over smarttelefonmarknaden.

Felles for alle var mangelen på rask nok vidareutvikling. Konkurrentane tok dei igjen, gjekk forbi, og såg seg aldri tilbake.

Som Steve Jobs ein gong sa: «Innovation distinguishes between a leader and a follower.»

Det handlar om å ha visjon og mot til å forma framtida. Me må alltid liggja i forkant, pressa grensene og streva etter innovasjon.

Les også
Eide Fjordbruk fekk tildelt miljøpris fredag

Ein maritim Kodak-augneblink

Noreg må gjera det me kan for å unngå eit maritimt Kodak-augneblink.

Politikarane i regjeringa og Stortinget sit no med nøkkelen. Innfører dei ei kraftfull konverteringsordning med krav om null lus, høg slamoppsamling og god rømmingssikkerheit, vil Noreg kanskje kunna forsvara vår posisjon som leiande i havbruksnæringa.

Det er vanskeleg å sjå kven som skulle tapa på ei rask innføring av incentiv for nullutsleppskategorien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle oppdrettarar, også dei som held fram med opne merdar, vil oppleva eit lågare lustrykk. Leverandørindustrien får auka oppdragsmengde. Staten får høgare skatteinntekter. Små og store lokalsamfunn får fleire arbeidsplassar. Natur, villaks og fjordane får mindre påverknad.

Det er overraskande å sjå at det er enkelte aktørar som er mot innføring av gode incentiv for nullutsleppsteknologiar i havbruket.

Det er som då enkelte bilprodusentar var motstandarar av elbilfordelar, eller då leverandørar av fasttelefonar arbeidde mot innføringa av mobiltelefoni. Dei tek rett og slett feil, og det veit dei sjølve.

Les også
Stengjer Oselva for fiske

Kampen mot lakselusa

Dette er ikkje ein kamp mellom lågutsleppsteknologi og nullutsleppsteknologi, dette er ein kamp mot lakselusa.

Næringa må ta risiko og støtta kvarandre sine ulike innovasjonar. Me set stor pris på utviklinga av lågutsleppsteknologiar og meiner det bør innførast ei ordning som sørgjer for at redusert produksjonsvolum kan førast tilbake dersom resultata er gode nok.

Eg håpar verkeleg at dette vert innført raskt, sjølv om myndigheitene har signalisert ulike ting, blant anna at dei vil sjå dette i samanheng med den varsla gjennomgangen av trafikklyssystemet, sidan denne kategorien vil påverka det samla lustrykket i fjordane.

I nullutsleppskategorien, der både vert og parasitt vert haldne fråskilde, finst det derimot ingen slik samanheng. Difor kan nullutsleppskategorien raskt innførast som ei konverteringsordning gjennom ei forskriftsendring.

På denne måten vil Noreg ikkje tapa tid og konkurransekraft, og luseutfordringa kan bekjempast effektivt og raskt. Me må stå saman, innovera og ta nødvendige grep for å sikra ei berekraftig framtid for vår næring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Kåra dei beste oppdrettslokalitetane på Vestlandet. – Dei beste vert stadig betre
Les også
Eide Fjordbruks signalbygg har gått viralt på TikTok: — Fleire tusen på venteliste

Feil samanlikning

Det er også heilt feil å samanlikna ei teknologinøytral konverteringsordning med dei tidlegare forsøka på å innføra lågutsleppsteknologi gjennom dei grøne konsesjonane - eller med ordninga for utviklingskonsesjonar for den del.

Dei tidlegare ordningane hadde ikkje tydelege og objektive kriterium for kva som måtte oppfyllast for å koma inn i ordninga.

Ei konverteringsordning for nullutslepp må byggja på objektive, målbare kriterium, til dømes null lus og konkrete krav for oppsamlingsgrad av slam.

Slik unngår vi ei ordning som blir ein skjønnheitskonkurranse, og som medfører stort byråkrati og ressursbruk i det offentlege.

Min generasjon hugsar Sir Alex, Nils Arne, fasttelefon og Kodak. Borna mine snakkar om Haaland, Bodø-Glimt, iPhone og TikTok. Det er kjedeleg og trist om det norske havbrukseventyret blir noko elevane berre lærer om i historietimane.

Om Noreg sit stille i båten og høyrer på dei som motarbeider innføring av framtidsretta incentiv i havbruket, er det berre å ta fram mobilkameraa våre og gjera oss klare for vår eigen Kodak-augneblink som vert framkalla på næraste fotobutikk.

Sondre Eide

Oppdrettar og dagleg leiar i Eide Fjordbruk

Artikkelen held fram under annonsen.