Med ein ny skulekvardag rett rundt hjørnet ønskjer me alle at born og unge skal oppleva gode skulekvardagar.
Med ein ny skulekvardag rett rundt hjørnet ønskjer me alle at born og unge skal oppleva gode skulekvardagar.

Nulltoleranse mot mobbing

Det er langt frå greitt at barn og unge framleis opplever mobbing. Derfor har Stortinget med den nye lovendringa sikra nulltoleranse mot mobbing, skriv Laila Reiertsen (Frp).

LESARBREV: Nye reglar om skulemiljø vedtatt av Stortinget i juni trer i kraft frå 1. august. Lovendringa gjev ei tydeleg og handlingsretta aktivitetsplikt og eit sikkerhetsnett for elevar og føresette når skulane ikkje sørgjer for at elevane har det trygt og godt i skulekvardagen.

Med ein ny skulekvardag rett rundt hjørnet ønskjer me alle at born og unge skal oppleva gode skulekvardagar. Og at ein opplever tida på skulen som ein god lærdom og trivselstid i livet. Dette dannar grunnlaget for eit godt liv seinare. Difor er det svært viktig at ein har det beste skulemiljøet ein kan ha.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så veit vi at mobbing skjer. Det er beklageleg og skal ikkje skje. Når ein no får ei ny lovendring på dette, vil ein i endå større grad sikra ein mobbefri skulekvardag. Det skal væra nulltoleranse for mobbing.

Lovendringa vil bety at elevar og foreldre kan ta kontakt med Fylkesmannen dersom ikkje skulen gjer noko mot mobbinga. Allereie etter ei veke etter at skulen har fått varsel om mobbing, kan eleven og føresette be Fylkesmannen vurdera om skulens aktivitetsplikt er følgt opp. Aktivitetsplikt betyr at tilsette ved skulen har plikt til å følgja med og gripa inn, varsla, undersøkeja og setja inn tiltak.

Me ønskjer det nye innhaldet i opplæringslova kapittel 9A særs velkomen, for å skapa eit tryggare skulemiljø for born og unge.

Laila Reiertsen

Os FrP