Bybanelinje 2: Måndag opnar bybanelinje 2 med stopp på mellom anna Haukeland Universitetssjukehus og Fyllingsdalen terminal (Oasen)

Nye tider med bybanelinje 2 frå måndag av

Når bybanen til Fyllingsdalen opnar måndag, blar vi om til eit nytt kapittel i kollektivhistoria i Bergen. Historia har vist at bybanen løfter heile kollektivsystemet.

Kollektivtrafikken har auka kraftig etter at bybanen kom til Bergen. Sidan banen opna for første gong i 2010, har reisetala for kollektivtrafikken i Bergen meir enn dobla seg. Den såkalla skjeneeffekten, som gjer at reisande vert særskilt tiltrekte av kollektivtrafikk som går på skjener, forklarer berre ein del av veksten.

Fleire reiser kollektivt når tilbodet er hyppig og føreseieleg, men ein stor del av passasjerveksten i bergensområdet har også skjedd på buss. Skyss har gjort omfattande endringar i busstilbodet i Bergen det siste tiåret for å gjera det lettare å reise kollektivt, anten bybanen er ein del av reisa eller ikkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Fryktar for tryggleiken til passasjerane: — Kvar dag tenkjer eg; kva om sjåføren må bråbremsa?
Les også
— Ja, dette er eit paradoks me ofte vert konfronterte med

Klimavenleg reising meir tilgjengeleg

Skyss endrar busstilbodet for å sikra eit godt samspel mellom buss og bybane. Bussruter både i Bjørnafjorden, Fana, Ytrebygda, Bergen sentrum og vest blir endra, der nokre linjer blir slått saman, nokre får litt endra trasé, og andre får fleire avgangar.

Sjølv om Fyllingsdalen får bybane, vil busstilbodet mellom Fyllingsdalen og sentrum halda fram. Haukelandsområdet får også behalde store delar av busstilbodet, på same tid som bybanen aukar kollektivtilgangen til helseklyngja drastisk.

Bybanen og det nye rutetilbodet vil gje kring 8.000 fleire innbyggjarar tilgang til kollektivavgangar kvart 10. minutt. Undersøkingar syner at kor ofte det er avgang, har mykje å seia for om folk vel å reisa kollektivt.

Les også
No forsvinn snart arbeidsruta til Haukeland. Slik vert det nye tilbodet
Les også
Skyss set inn ekstrabussar: – Det er to hovudgrunnar til at me gjer dette no

Konkurransefortrinn framfor bil

Bybanelinje 2 gir ein ny og effektiv reiseveg på fleire strekningar der privatbilen ikkje får same fortrinn. Tunnelen gjennom Løvstakken vil bli ein rekordrask korridor mellom Fyllingsdalen og bergensdalen. Tilgangen til Haukeland frå fleire retningar blir også raskare og uavhengig av trafikken på vegane.

Nokre av dei reisande vil oppleve at dei no må byta transportmiddel der dei før kunne reisa direkte. Endringane i kollektivnettet gir samstundes hyppigare avgangar på fleire linjer, noko som også medfører kortare ventetid ved byte.

Ingrid Dreyer

Pressekontakt for Skyss

Les også
Strålande nøgd med det nye busstilbodet: Fornøyeleg handletur til Osøyro i rekordfart
Les også
I hundre med bussen gjennom Endelausmarka eller...?