DEBATT
Ofrar politikarane kulturskulen for eit femstjerners hotell?
Bygda fekk noko å vera stolte av - vi vart inspirerte. No er vi mest deprimerte!
Då Oseana opna 17. juni i 2011, fekk kulturskulen i Os endeleg gode, tidsriktige lokal i eit flott, nybygd kulturhus finansiert av Grieg Foundation og Os kommune. Bygda fekk noko å vera stolte av - vi vart inspirerte. No er vi mest deprimerte!
Blir øvingslokala til Kulturskulen borte?
Så langt vi kan skjøna av det som har vorte sagt og vist av flotte teikningar - av kor storflott det blir med eit hotell som fer til himmels - blir det ikkje øvingslokale for kulturskulen lengre i Oseana.
Det einaste måtte vera at Vargasalen enno kanskje kan brukast til danseøvingar.
Resten vert borte - trur vi.
Blir verkeleg øvingslokala til kulturskulen borte?
I så fall finn ein nok andre lokale til Kulturskulen. Det må dei, for kulturskulen er lovpålagt - noko vi trur Frp synest er ille.
I partiprogrammet deira i Bjørnefjorden frå siste kommuneval finn du ikkje kulturskulen nemnt med eit einaste ord endå det er rundt 450 elevar i denne skulen.
Oseana er nemnt éin gong. I partiprogrammet deira står det at dei går inn for seniortreff i Oseana.
Alt kulturarbeid ser det ut til at skal drivast av frivillige lag og organisasjonar. Budsjettet til kulturskulen vart også redusert monaleg frå 2024 til 2025.
I Bjørnafjorden Høgre sitt program står det under overskrifta «Kultur, idrett og friluftsliv»:
- Sikra forsvarlege overføringar til Oseana KF slik at kulturhuset framleis skal vera ein møteplass med eit variert kulturtilbod.
- Utvikla kulturskuletilbodet med ulike former for kulturell utfalding.
Det høyres noko betre ut enn at Oseana kan brukast av eldre.
Så får vi sjå kva Høgre meiner med dette når byggeplanane for storhotellet skal handsamast.
Det står ikkje eit ord om at Kulturskulen skal få vera der.
Framtida for Oseana dreier seg om pengar
Men kva er igjen av kultur om Oseana vert eit vedheng til storhotellet?
Då vert det berre kommersiell kultur til nytte for dei som driv hotellet og dei som eig hotellet.
Dette handlar først og fremst om næring og pengar – ikkje om samfunnsinteresser.
Politikarane i Frp og Høgre argumenterer med positive effektar for Oseana om kulturhuset vert ein del av storhotellet. Den er drøy. Det blir i alle fall mindre kultur der for born og ungdom om dette skjer.
Grunnen til at dei bruker dette som argument, er sjølvsagt at det då ser ut som at dette er til det beste for samfunnet. Då kan dei forsvara at storhotellet øydelegg bumiljøet for dei som bur bakom hotellet.
Det er ikkje sant at dette hotellet er til det beste for Os-bygda. Det er næringsinteresser som vinn på dette, ikkje samfunnet.
For dei av oss som bur rett bakom hotelltomta dreier det seg ikkje om ei interessekonflikt. For oss dreier det seg om retten til eit leveleg bumiljø.
Heldigvis finst det lover som vernar oss mot slike inngrep.
Landet vårt har underteikna Den Europeiske menneskerettskonvensjonen som også omhandlar dette temaet.
Styret
Foreninga Midtskogen vel (FMV)