Ole Bjørn Eikeland har gjeve ut ei bok der han deler sine refleksjonar rundt temaet tid. Han har naturleg nok også sin meining om årshjulet.

Oi, berre å stilla spørsmålet er høg filosofi

Eg har aldri sett eit år, eller høyrt det, men eg har kjent at det har rasa forbi.

Ole Bjørn Eikeland kommenterer journalist Kenneth Svenningsen sitt skråblikk om årshjulet, og korleis eit år ser ut.

Du stiller mange artige spørsmål om årshjulet i avisa 23.januar. Av alle uviktige spørsmål, kjem du opp med nokre av dei viktigaste.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg kjenner meg litt forplikta til å knyte nokre tankar til dette. Først vil eg svare på spørsmåla dine. Om dette hjulet blir feil for andre enn deg. Javisst , det er feil for meg også, men, av heilt andre grunnar enn dine.

Les også
Dette hjulet blir feil for meg. Er eg åleine om det?
Les også
Refleksjonar rundt tid

At det går medsols, med klokka, er greit for meg. Du vil ha det motsols, kanskje fordi du er idrettsmann? På idrettsbanen går løp og skøyter motsols, elles er det vel mest naturleg med sola, tykkjer no eg, men eg er litt gamaldags i tanken.

Eit døme på eit årshjul som Ole Bjørn Eikeland sendte med teksten.

For meg er tida som ein spiral

Og så spør du korleis ser eit år ut, sånn reint visuelt? Oi, berre å stille spørsmålet, det er høg filosofi. Eg har aldri sett eit år, eller høyrt, det, men eg har kjent at det har rasa forbi. Men for å vere ein smule seriøs, året er vel korkje sirkel, eller som ei linje, eller som ein kalender som du blar om kvar månad. For meg er tida, dvs dagar, månader og årstider, meir som ein spiral, der desember i -24 kjem oppå desember i -23.

Visuelt må me ha eit skilje ved nyttår, men det er heller ikkje meisla i stein. Årsskiftet skulle vel vore ved 21.desember, eller 22. desember då det er då sola står lågast på himmelen her i nord.

Nei, du bevegar deg på djupt vatn med å spørje slik, men det er flott at lokalavisa kan ta opp uviktige spørsmål. Og som alle andre viktige spørsmål, det finst ikkje noko fasitsvar. Du kan google og bruke AI, KI; chat GPT og alt av kunnskap i verda, svar finn du ikkje. Det kjem an på augene som ser, enten dei er fargeblinde eller ei.

Ole Bjørn Eikeland