Formidable: Ringverknadene av olje- og gassnæringa er formidable i heile landet.

Olje- og gassnæringa er viktig i Bjørnafjorden

Vi tenkjer ikkje på Bjørnafjorden som et typisk oljekommune, men også her betyr petroleumsnæringa mykje.

Debatten om norsk olje- og gassnæring er til tider høglydt. Parti på venstresida, som Rødt, SV og MDG, vil setja sluttdato for næringa og stoppa leiteaktiviteten på norsk sokkel. Andre parti vil avgrensa aktiviteten, medan Fremskrittspartiet har argumentert for at Norge, som eit stabilt og demokratisk land, bør halda fram å produsera så lenge det er etterspørsel etter olje og gass.

Det geopolitiske argumentet har fått ny aktualitet etter Russlands angrepskrig mot Ukraina. Her har vi fått demonstrert korleis tilgang på energi kan nyttast som eit pressmiddel i krig og konflikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei verd der verstinglanda, som Russland og udemokratiske land i Midtausten, har full kontroll på energitilførselen, blir ei utrygg verd.

Ja, men no skal vi jo berre satsa på fornybar energi, tenkjer kanskje du?

Vel, fornybar energi utgjer no berre ca 23% av verdas energiforbruk (Global Carbon Project, 2021). Olje, gass og kull utgjer 77%, og det samla energiforbruket går opp. Produksjonen av fornybar energi aukar, men ikkje raskt nok til å ta over for fossil energi på mange tiår.

Det internasjonale energibyrået (IEA) har i sitt vegkart mot netto nullutslepp (Net Zero by 2050), også synleggjort at det mogleg å nå klimamåla, sjølv med vesentleg bruk av olje og gass i 2050. Olje og gass er t.d. viktig også i petrokjemisk industri.

Den olja og den gassen bør Noreg vera med og produsera. Det handlar om energitryggleik i Europa og arbeidsplassar, kompetanse, verdiskaping og velferd for Norge.

Inga annan lovleg næring er i nærleiken av innteninga i petroleumsnæringa. Ringverknadene av olje- og gassnæringa er difor formidable i heile landet.

Vi tenkjer ikkje på Bjørnafjorden som et typisk oljekommune, men også her betyr petroleumsnæringa mykje.

Offshore Norge har lagt ut data basert på Menon Economics si ringverknadsanalyse frå 2021. Her kjem det fram at ringverknadene for Bjørnafjorden kommune er vel 190 millionar kroner, og at ca 1.400 årsverk er knytt til næringa. Av desse er 214 direkte tilsett i olje- og gasselskap, medan 370 er tilsett i leverandørindustrien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjorden kommune bør derfor vera opptatt av rammevilkåra til olje- og gassnæringa. Vi bør vera positive til utlysing av nye leiteblokker, og heia på alle dei som jobbar i næringa. Det gjer Fremskrittspartiet. Vi er stolte av våre oljearbeidarar, og alle som er knytt til næringa!

Terje Søviknes

Ordførarkandidat Bjørnafjorden Frp

Tidlegare olje- og energiminister